Gratis vaksine til alle elevar på vidaregåande

Hordaland fylkeskommune spanderer gratis vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse til elevar mellom 16 - 19 år som ikkje allereie er vaksinerte. Tilbodet gjeld òg elevar ved privatskulane.

Fire millionar kroner er sett av på budsjettet for å halde elevar friske frå meningitt, også kjent som smittsam hjernehinnebetennelse. Det er særleg barn og ungdom som kan få sjukdommen, som kan vere dødelig. Tilbodet har tidlegare primært vore gitt til Vg1-elevar, med eigenbetaling på om lag 400 kr, men fylkeordførar Anne Gine Hestetun og fylkestinget ville utvide tilbodet.

Også private skular

– I år tilbyr vi vaksina til alle videregående elevar i Hordaland som ikkje allerede er vaksinert. Er du russ i år og ble vaksinert tidlegare, er du dekka og treng ikkje vaksinerast på ny, seier Hestetun. Vaksina vil beskytte i ca fem år.

Før har vaksina vore elevbetalt. Men i år er det gratis for alle elevar som ønskjer det, om du er russ, går på Vg1 eller Vg2. Også elevar på privat skule får tilbodet frå fylkeskommunen.

Vil sikre trygg russefeiring

– For oss politikarar er det viktig å gjere det vi kan for å sikre ei så trygg russefeiring som mogleg. Dette er eit relativt billig tiltak som har stor effekt, seier Hestetun.

Vaksineringa blir gitt på skulane i veke 6 og 7, med eventuell oppsamling i veke 8. 

Kommunene har hatt rutiner for meningokokkvaksinering gjennom fleire år. Det er kun i år tilbodet gjeld alle nivåa i skulen. Vidare vil tilbodet gå kun til elevar på Vg1.

Det er fylkestinget som i desember vedtok at alle elever skal få tilbod om denne vaksina.