«Med ønskje om ei god førjulstid» står det på helsinga frå fylkesordførar Anne Gine Hestetun som hadde idéen til å gle dei eldre på denne måten.
Blomsterdekorasjonane vart brukt til å pynte dei 16 borda som vart nytta under festsamkoma for Hordaland fylkesting i Håkonshallen 10. desember.
– Då eg var administrerande direktør i Stor-Bergen Boligbyggelag gjorde vi dette, og det vart kjempepopulært. Eg tenkte at vi kunne gjere det same no, i staden for at blomsterdekorasjonane gjekk i boset, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.
Blomsterdekorasjonane er levert til 16 sjukeheimar og omsorgssenter i Bergensområdet.

– Vi vil gle dei eldre med blomsterdekorasjonane, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.