Gjev tilskot til kreftsaka og seglskipfestival

Eit samrøystes Hordaland fylkesutval har vedteke å løyve 100 000 kroner til kreftsaka og ein million kroner til seglskipfestivalen The Tall Ships Races i Hordaland til sommaren.

Måndag 11. mars startar den årlege innsamlingsaksjonen til Kreftforeningen for 14. gong. Krafttak mot kreft er ein bøsseaksjon. I fjor gav fylkesutvalet 50 000 kroner, og i år har dei dobla summen til 100 000 kroner.

Kreft er den mest vanlege dødsårsaka i Noreg. Ein tredel blir råka av sjukdommen ein gong i løpet av livet. Russen vil og delta i aksjonen og kjem til å samle inn mange hundre tusen kroner.

100 store og vakre seglskuter 

I dagane 21. til 24. juli blir Bergen vert for The Tall Ships Races. Fylkesutvalet har løyvd ein million kroner til gjennomføringa av det store arrangementet der nærmare 100 av dei største og vakraste seglskutene i verda skal delta. 

Om bord er det eit mannskap på 3000 i alderen 15 - 25 år, frå over 30 ulike nasjonalitetar. Seglskipa skal innom fleire hamnar i Hordaland, og det blir lokale arrangement i kommunane i fylket.

600 000 publikummarar

Sist Bergen var vertsby, i 2014, kom det 600 000 publikummarar. Dette blir femte gongen Bergen er vert for seglskipfestivalen.