Gjer endringar i Nasjonal transportplan

– Vi gjer no endringar i arbeidet med neste Nasjonal transportplan. Dette inneber politisk medverknad tidlegare i arbeidsprosessen og moglegheit til å spille inn prioriteringar knytt til rassikring, sa samferdselsminister Jon Georg Dale på Nasjonal rassikringskonferanse på Flesland i dag.

Sentrale aktørar frå politikk, næringsliv og interesseorganisasjonar var samla då Nasjonal rassikringskonferanse for første gong blei arrangert i Bergen. 

Om lag hundre deltakarar frå heile landet var til stades på konferansen, som  Nasjonal rassikringsgruppe arrangerte i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Ønskjer nasjonal skredsikringsplan

For mange er vegen til skule og jobb utrygg grunna rasfare. I snitt var det 2380 skred og 262 vegstengingar per år på norske vegar dei siste ti åra.

Nasjonal rassikringsgruppe ønskjer ein heilskapleg, nasjonal skredsikringsplan gjennomført i løpet av 12 år. Målet er at planen blir ein del av neste Nasjonal transportplan (NTP 2022-2033). For å få dette til trengs det til saman 51 milliardar kroner. På konferansen utfordra dei samferdselsministeren og andre sentrale aktørar til å sjå viktigheita av ein slik plan.

– Vi er opptatt av å løfte rassikring, og vil invitere til ein politisk prosess for å sjå kva for problem vi står overfor, og korleis vi skal løyse dette, sa samferdselsministeren.

Han utfordra óg dei ni fylka i Nasjonal rassikringsgruppe når det gjaldt å prioritere. Dette inneber å vere tydeleg på kva område som skal prioriterast først og kva som kan vente.

Dale la vekt på at rassikring av vegar er viktig for landet som heilskap, både når det gjeld tryggleik og næringsinteresser.

– Når vi får kjeft om at det blir brukt for mykje pengar der det bur lite folk, må vi forklare kor viktig rassikring er for transportkorridorane. For eksempel at norsk laks må kunne blir transportert i tide ut til sine marknader, utan forseinkingar.

Han understreka viktigheita av å ha trykk på opprusting av grunnleggande infrastruktur i åra som kjem.

– Det er vår tur

Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, er nøgd med det ho høyrte på konferansen.

– Vi meiner det no må vere rassikring sin tur. Konferansen i dag viser at vi no får med fleire i kravet vårt om ein ny plan. Både Lastebileigarforbundet og Sjømatbedriftene støttar oss. Dette gir grunn til optimisme, seier Kjelsnes.

Ho fortel at målet vårt er å få sikra alle vegstrekningar vi kjenner som har høg eller middels faregrad i løpet av den neste rulleringsperioden for Nasjonal transportplan.

– Dei 51 milliardene det vil koste, tilsvarar det nordmenn brukte på julegaver til kvarandre i fjor, seier Kjelsnes.

Midlertidige tunellar

På konferansen blei det òg vist alternative måtar å utføre rassikring på. Firmaet RoadCap har utarbeidd ein rassikringsmetode som inneber å sette opp midlertidige tunellkonstruksjonar i område der det er fare for ras og steinsprang. Dette er robuste konstruksjonar som er hurtige å sette opp.

Handlar om liv

Hordaland fylkeskommune er eit av dei ni fylka som er representert med ein politikar i Nasjonal rassikringsgruppe. I år var dei med å arrangere rassikringskonferansen, som finn stad annan kvart år.

– Rassikring er eit tema som engasjerer stort. Dette gjeld ikkje minst her på Vestlandet, som har dei mest rasutsette strekningane i landet. Dette handlar om folk sine liv, og det er tross alt det viktigaste vi har, seier fylkesordførar i Hordaland fylkeskommune, Anne Gine Hestetun.