Gir 25 millionar til ny forsking på Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 25 millionar kroner til ny forsking i landsdelen. Selskapet Salei AS i Bergen, Hardanger Siderprodusentlag, Bergen kommune og Meland kommune er blant dei som får ferske forskingsmidlar.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å gi 25 millionar kroner til ni nye forskingsprosjekt i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland.

– Kvaliteten på søknadene i år var høgare enn nokon gong tidlegare, og vi skulle gjerne hatt midlar til fleire enn dei som no får støtte. Mange som får avslag, har fått særs gode karakterar av fagpanel oppnemnte av Noregs forskingsråd, og kunne gitt viktige bidrag til innovasjon og verdiskaping i landsdelen. Dette viser at tida er moden for å styrke dei regionale forskingsfonda økonomisk, slik eit regjeringsutnemnt ekspertutval allereie har gått inn for. Fylkeskommunane har vist seg meir enn kapable til å forvalte forskingsmidlar på vegner av fellesskapen, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleier for RFF Vestlandet.

Sider frå Hardanger – Noregs svar på champagne?

Hardanger Siderprodusentlag går vitskapleg til verks for å sikre kvaliteten på produkta sine. Med tre millionar i forskingsstøtte frå RFF Vestlandet, skal dei finne ut kva kjemiske bindingar og mikrobiologiske prosessar som er avgjerande for god sider. Siderprodusentlaget har ein visjon om å utvikle sideren til å bli «Noregs champagne», og målet med denne forskinga, er å bidra til utvikling av eit større smaksmangfald av stabilt høg kvalitet.

Forskarane vil finne ut meir om korleis smaken vert påverka av samspelet mellom eplesortar, gjærtypar og biokjemiske prosessar under gjæringa. Dei vil utforske bruken av ulike villgjærtypar og bruke kunnskapen frå prosjektet til å utforme kvalitetskrav og kontrollsystem som sikrar stabil produktkvalitet. På sikt er målet å utvikle ei sertifiseringsordning for den geografisk beskytta merkevara sider frå Hardanger.

– Etterspurnaden etter norsk sider aukar, både heime og ute. For å ta det neste steget og verkeleg slå igjennom på ein internasjonal marknad, krevst det profesjonalisering og produksjonsmetodar som gjev same høge kvalitet og same gode smak gong etter gong. Det kan denne forskinga bidra til, seier Følling.

I forskingsprosjektet skal siderprodusentar samarbeide med NIBIO, Wine Research Centre - University of Nova Gorica i Slovenia og andre partnarar.

Introduksjonsordning for flyktningar med gründergenar

Meland kommune får tre millionar til å utvikle og teste ut ei alternativ introduksjonsordning for flyktningar som ønskjer å starte eigne verksemder. Ordninga – som kommunen har kalla «gründersporet» – vil tilby opplæring i entreprenørskap frå første dag, kombinert med praksisretta norskopplæring og stor vekt på myndiggjering. Målet er at flyktningane skal kunne styrke sin eigen livssituasjon gjennom mobilisering av eigne krefter og ressursar.

Kommunen vil gjennomføre 18-månaders opplæring for to kull med start høvesvis hausten 2019 og 2020. Gjennom såkalla følgjeforsking vil forskarar frå Høgskulen på Vestlandet bidra til dokumentering, evaluering og naudsynt kursendring undervegs. Kommunen legg stor vekt på at resultata frå forskingsprosjekta skal delast med andre på lokalt, regional og nasjonalt plan.

– Vi treng meir forsking som kan bidra både til betre og raskare integrering og til at fleire flyktningar opplever introduksjonsprogramma som relevante for sin eigen kvardag. Dette prosjektet er nyskapande fordi det så tydeleg trekkjer entreprenørskap inn som ein del av opplæringa, seier Følling.

Tettare samarbeid om samfunnsberedskap

I tillegg til ansvar, nærleik og likskap, vart samvirke for nokre år sidan innført som eit bærande prinsipp for samfunnstryggleik og beredskap i Noreg. Bakgrunnen var at dei tre andre prinsippa i liten grad kommuniserte kor viktig godt samspel er for god samfunnstryggleik. Uønskte hendingar viste at samspelet mellom ulike aktørar på området ikkje fungerte tilfredsstillande, korkje under førebygging eller krisehandtering. No har kommunane fått ei sentral rolle som samvirkeaktør, utan at denne rolla er nærare definert i lovverket. Difor får Bergen kommune tre millionar til å forske på korleis ulike aktørar tolkar og etterlever denne rolla.

Målsettinga med forskinga er å legge grunnlaget for eit betre samvirke innan samfunnstryggleik og beredskap i Bergen og på Vestlandet. Forskarane skal mellom anna sjå om intensjonane bak samvirkeprinsippet – som vart innført i 2012 – finn gjenklang i praksis. Dei vil intervjue frivillige aktørar, næringslivsrepresentantar og informantar frå nasjonalt, regionalt og lokalt forvaltingsnivå. Forskarane vil finne ut kva som hemmar og fremmar godt samspel på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, og vil foreslå tiltak som kan gje betre og meir kostnadseffektivt tryggleikssamarbeid i kommunen og regionen.

– Å sørgje for at innbyggjarane både kjenner seg trygge og er trygge, er ein av dei aller viktigaste oppgåvene det offentlege har. Denne forskinga kan gi viktige bidrag til betre og meir sameina forvalting på området, seier Følling.

Bergen kommune har med seg NORCE AS som forskingspartnar i prosjektet.

Vil utvikle lakselusvaksine

Salei AS i Bergen får 850 000 kroner i støtte til å utvikle ein ny type vaksine mot lakselus. Tidlegare laboratorieforsøk har ikkje gitt noko gjennombrot på området, og så langt finst det ikkje effektive lakselusvaksinar tilgjengeleg på den kommersielle marknaden. I samarbeid med Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), vil Salei prøve ut ein heilt ny strategi i jakta på verksame lakselusvaksinar.

– Lakselusa er utan tvil den største plageånda for oppdrettslaksen og ei kolossal utfordring for oppdrettsnæringa, både økonomisk, miljømessig og med omsyn til fiskevelferd. Lukkast ein med å utvikle gode vaksinar, vil verdiskapingspotensialet truleg vere stort, seier Følling.

Dette er Regionalt forskingsfond Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) er ein viktig pådrivar for forskingsdriven innovasjon i næringsliv og offentleg sektor på Vestlandet. Fondet gir økonomisk støtte til forsking som utnyttar vestnorske fortrinn og løyser viktige utfordringar for landsdelen. RFF Vestlandet er ei felles ordning for fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland og samarbeider tett med Noregs forskingsråd. Dei tematiske prioriteringane er vedtekne av fylkestinga i fondsregionen. Sidan 2010 har fondet støtta vestnorsk forsking med rundt 370 millionar kroner.