Gir 10 millionar til ny veg som skal utvikle næringslivet på Rubbestadneset

– Dette er god utvikling av distrikta, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at Hordaland fylkeskommune gjev vel 9,8 millionar kroner i tilskot til å bygge veg til nytt industriområde på Rubbestadneset.

– Vi satsar offensivt for å etablere og utvikle næringslivet i distrikta. Industriklynga på Rubbestadneset er gjennom ei omstilling, og vi vil bidra til at den skal få endå betre livsvilkår. I fjor gav vi ein million kroner til ny tørrdokk, og no er det behov for ein ny, trafikksikker veg som tek omsyn til dei mjuke trafikantane, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Ny dokk og testsenter 

Det nye industriområdet er under opparbeiding i Rubbestadneset industrihamn. Vegen skal «opne» industriområdet for ulike næringsaktørar. Det skal byggjast ny dokk i området, i tillegg til testsenter. Utviklinga av området er eit samarbeid mellom kommunen og næringslivet/bedrifter som skal etablere seg i industriområdet. 

Vegen skal gå frå fylkesvegen og inn i området. I tillegg til køyreveg, skal det og opparbeidast gangveg og busslomme langs fylkesvegen som går frå hotellet i sentrum av Rubbestadneset og ned til den nye vegen. Hordaland fylkeskommune betalar i tillegg ein halv million kroner av trafikksikringsmidlar til bygging av busslomme og busskur. 

Samarbeidspartnarar 

Bømlo kommune skal bygge den kommunale vegen inn i industriområdet som har total kostnad på vel 11 millionar kroner. Samarbeidspartnarar er Industriklynga på Rubbestadneset, LOS Elektro AS og Unitech Offshore AS.