Fylket gir 13 millionar for å byggje grøn konkurransekraft

Hordaland fylke gir 13 millionar til 14 grøne næringsutviklingsprosjekt. Prosjekta handlar mellom anna om rein kraftforsyning til cruiseskip, fremjing av urbant og klimasmart landbruk, og om korleis etablere eit økonomisk berekraftig biogassanlegg for Hardangerregionen.

– Gjennom tilskotsordninga er Hordaland fylkeskommune med å ruste næringslivet i Hordaland til å møte det "grøne" skiftet. Vi tar ei proaktiv rolle når det gjeld å fremje grøn konkurransekraft og grønt næringsliv i arbeidet med å redusere klimagassutslepp, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Til saman 37 søknadar kom inn då Grøn konkurransekraft-midlane blei utlyst i vår. Å byggje grøn konkurransekraft inneber å kutte klimagassutslepp, auke verdiskapinga og sikre høg sysselsetjing.

Rein kraftforsyning frå offshorefartøy

To av dei fjorten prosjekta som no får midlar står NCE Maritime CleanTech bak. Det eine prosjektet handlar om rein kraftforsyning frå offshorefartøy og får 920 000 kroner. Kvart tredje offshorefartøy ligg i opplag i verda, om lag 100 av desse langs vestlandskysten. Samtidig er cruiseindustrien i sterk vekst, men møter strengare miljøkrav i hamner og i ulike sensitive område. Frå 2026 er det nye krav om nullutslepp for å gå inn i norske verdsarvfjordar. NCE Maritime CleanTech skal utvikle ein forretningsmodell basert på marknadsanalyse for å tilby rein energi til bruk i skip. Dette gjeld skip som skal til hamner utan landstraum, og til fjordar med krav til nullutsleppsteknologi.

Det andre prosjektet frå selskapet får 825 000 kroner og handlar om val av nye energiberarar i maritin sektor. Nye energiberarar er på veg inn i skipstransporten. For å vurdera karbon- og miljøfotavtrykk, skal det gjerast ei heilskapeleg analyse av produksjon, distribusjon, bruk og pris for energiberaren. Dette kan gi nødvendig avgjerdsunderlag i offentlege innkjøp, og hjelpa etableringa av nye verdikjeder for til dømes grønt hydrogen.

Urbant landbruk i bergensområdet

Eit anna prosjekt som no får 900 000 kroner er Stiftelsen Lystgården og prosjektet «Bybonden i Bergen». Bybonden skal fremje og koordinere urbant landbruk i og rundt Bergen. Dette inneber å fremje klimasmart matforbruk og lokal dyrking, berekraftige lokalsamfunn med grøn aktivitet, samt auka lokal, berekraftig produksjon av grønsaker, frukt og bær.
Bybonden har FN sine mål for berekraft som rettesnor i arbeidet. Dei viktigaste verkemiddela for å nå måla er kunnskapsformidling og inspirasjon gjennom kurs, sosiale media, tradisjonelle media, nettverksbygging og rådgjeving.

Grønare samfunnsutvikling

Globalt vert det grøne skiftet stadig viktigare for samfunnsutviklinga. FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. FNs universelle berekraftsmål dannar ei tydeleg ramme for økonomisk, sosial og miljømessig utvikling.

Norge sine nasjonale klimamål er å bli eit lågutsleppsamfunn innan 2050. Målet er lovfesta, til å kutte utsleppa av klimagassar med 80 - 95 prosent frå referanseåret 1990. Norge har under Parisavtalen forplikta seg til å redusere utsleppa med minst 40 prosent innan 2030.

Desse får støtte til grøn konkurransekraft

Prosjekt Søkar Støttebeløp Tema
Grøn Næringspark Kvinnherad Næringsservice 1 200 000 Fornybar energi
Gardsvarmeprosjekt Vestlandet 2019 - 2020 Nærenergi Norge AS 280 000 Sirkulær økonomi og fornybar energi
Forprosjekt. Etablere et økonomisk bærekraftig biogassanlegg for Hardangerregionen Jondal kommune 700 000 Sirkulær økonomi og fornybar energi
Videreutvikling Energilandet Bergen Næringsråd 250 000 Fornybar energi
Mot lågkarbon i interkontinental shipping Maritime CleanTech 920 000 Fornybar energi
Val av nye energiberarar i maritim sektor Maritime CleanTech 825 000 Fornybar energi
Grønn næringsutvikling med biogass på Vestlandet Indre Hordaland Miljøverk IKS 1 340 000 Sirkulær økonomi og fornybar energi
Karbonfangst og andre klimavenlege tiltak for Vestlandsjordbruket Voss kommune 1 395 000 Bioøkonomi
Bioregion Vestland Design Region Bergen 990 000 Bioøkonomi og sirkulær økonomi
Grønn konkurransekraft i Alver og Nordhordlandsregionen Nordhordland Næringslag 1 500 000 Sirkulær økonomi
Building paths towards green and sustainable aquafarming Prototec AS 1 600 000 Fornybar energi
Upcycling av skip og/eller offshore installasjoner for bruk i byggebransjen Vill Arkitektur AS 220 000 Sirkulær økonomi
Bybonden i Bergen Stiftelsen Lystgården 900 000  Bærekraftige samfunn
Grønne ideer hos etablert næringsliv Os kommune 784 000 Bærekraftige samfunn