Fylkeskommunen i pluss

Hordaland fylkeskommune kjem ut med 20,8 mill. kr i overskot på 2018-rekneskapen. Driftsutgiftene i sektorane viser godt samsvar med tildelte budsjett. Lånegjelda auka moderat og gjeldsgraden gjekk ned i 2018.

– 2018 var nok eit år der det er arbeidd nøkternt og målretta i heile organisasjonen. På ny er det grunn til å gje honnør for god innsats og god økonomistyring, seier kst. fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen. 

Stram økonomistyring er hovudårsaka til det positive resultatet. Skatteinngangen i 2018 vart 22,5 mill. kr høgare enn budsjettert. Utgiftene til renter på lån vart 26,5 mill. kr lågare enn budsjettert. 

Totale driftsutgifter var i 2018 på 8 495 mill. kr. Til renter og avdrag på lån vart det brukt 813,5 mill. kr, som er 97 mill. kr meir enn i 2017. Auken kjem i stor grad av større nedbetaling av lån. Investeringane i 2018 var på 2 838 mill. kr.

Små budsjettavvik i sektorane

Det største tenesteområdet er samferdsel med driftskostnader på 3 474 mill. kr i 2018. Opplærings­­sektoren følgjer deretter med kostnader på 3 222 mill. kr. Desse to sektorane står for om lag 80 prosent av driftsutgiftene. Opplæringssektoren hadde budsjettoverskot på knapt 3 mill. kr etter at det var sett av 23 mill. kr på fond for bruk seinare år. Samferdselssektoren kom ut med ei mindre budsjettoverskriding som følgje av fleire ras og naturhendingar gjennom året. Satsinga på kollektivsektoren viser att også på inntektssida ved at ein i 2018 fekk inn 16 mill. kr meir enn budsjettert. 

Hordaland fylkeskommune fekk 57 mill. kr frå det nye Havbruksfondet. Dette er ei ordning der inntektene frå oppdrettsnæringa for m.a. konsesjonar vert fordel mellom stat, kommunar og fylkeskommunar. Summen er sett av til bruk i 2019 i samband med fylkestinget sitt budsjettvedtak. 

Fylkeskommunen har i mange år investert tungt i nye og framtidsretta skulebygg, tannklinikkar, fylkesvegar og bybane. Det har resultert i ei lånegjeld på 10,7 mrd. kr ved utgangen av 2018 med ein gjeldsgrad – gjeld i prosent av driftsinntekter – på 109,4 prosent. 

Treng vekst i inntektene i åra framover

Trass i det positive rekneskapsresultatet, har fylkeskommunen ein krevjande økonomisk situasjon. Netto driftsresultat var på knapt ein prosent, ei halvering frå 2017 og klart under den tilrådde norma på 4 prosent. Høg lånegjeld og auka kostnader med nye, miljøvenlege ferjer og miljøvenlege bussar frå 2019-2020, vil føre til sterk auke i både drifts- og investeringskostnadene dei komande åra.

 – Veksten i dei frie inntektene for fylkeskommunane har vore låg dei siste åra og dette er med på å svekke resultatet. Nye Vestland fylkeskommune treng ein vesentleg inntektsvekst i åra framover for å makte kostnadene med klimaløftet, understrekar kst. fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen. 

– Eg vil gje honnør til alle einingane og medarbeidarane for innsatsen og det gode resultatet. I 2018 er det på ny arbeidd målretta for å levere gode og solide tenester til innbyggjarane i Hordaland innan alle tenesteområda våre, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.