Forventar meir av staten i ny byvekstavtale

Hordaland fylkesting forventar at staten bidreg med høgare rammer når byvekstavtalen skal reforhandlast i 2021. Tinget viser til gode resultat med redusert biltrafikk og auka kollektivtrafikk.

I dag bidreg staten med halvparten av utgiftene i byvekstavtalen. Fylkestinget har ikkje talfesta kor mykje meir dei forventar å få. 

Ei avtaletekst for byvekstavtale for perioden 2019 til 2029 er framforhandla. Fylkestinget meiner avtalen er eit godt grunnlag for eit forpliktande areal- og transportpolitisk samarbeid i Bergensområdet. Fylkestinget meiner den økonomiske ramma i avtalen er god og at avtalen vil bidra til å finansiere viktige drifts- og investeringstiltak i regionen.

Samarbeid

Den nye byvekstavtalen er eit samarbeid mellom staten, Hordaland fylkeskommune, og kommunane Bergen, nye Alver, Askøy, nye Øygarden og nye Bjørnafjorden kommune. Fylkestinget viser til at ei politisk styringsgruppe har avgjort at sluttforhandlingane for denne byvekstavtalen skal skje etter lokalvalet til hausten. Dette inneber at det er Vestland fylkeskommune som formelt skal inngå avtalen. Endeleg godkjenning og tilslutning til avtalen må dermed skje i Vestland fylkesting i 2019.

Bybane til Åsane

I tillegg til høgare ramme forventar fylkestinget at finansiering av Bybanen, byggetrinn 5 til Åsane, blir sikra i neste Nasjonal Transportplan (NTP 2022-2033). Fylkestinget peikar og på at det er viktig at strekninga E39 Klauvaneset – Vågsbotn blir realisert snarast mogleg. Fylkestinget uttrykkjer ei forventning om at dette riksvegprosjektet blir finansiert med statlege midlar gjennom neste NTP (2022-2033).