Folkemusikkstipend til fire utøvarar

Dei to folkemusikkstipenda til Hordaland fylkeskommune går i år til Ole Gjerde og Kjersti Wiik som får 50 000 kroner kvar. Stipenda til utøvarar under 30 år, «Folkemusikk Ung stipend», går til Johanna Mjeldheim og Ingrid Standal Sørheim som får 25 000 kroner kvar.

Dette er fjerde gongen dei fylkeskommunale folkemusikkstipenda blir delte ut. 

Songar Kjersti Wiik frå Lindås får stipend for å ha vore ei viktig kraft i folkemusikkmiljøet i fylket gjennom mange år. Ho har mellom anna samla inn 700 folkesongar frå kysttraktene i Hordaland.  Ho medverka i boka ”Folkesongar i Hordaland”, har halde mange kvedarkurs og kvedarkveldar, har gjeve ut fleire cdar med folkesong, og ikkje minst så har ho lært bort  folkesongar i skular, barnehagar, kulturskulen og i sitt virke som kordirigent med meir. 

 Kjersti Wiik ønskjer å bruke stipendet til å halde fram å formidle og lære vekk folkesong til barnehagar og barneskular. Ho vil bruke stipendet til å førebu, utvikle og gjennomføre folkesongformidling til ulike grupper i Nordhordland.

Driv felemakeri på full tid

Felemakar Ole Gjerde frå Kvam får det andre stipendet. I Noreg i dag er det berre kring fem personar som driv som felemakarar på heiltid. Ole Gjerde er ein av desse. Han er og den første nokon gong som har fullført bachelorprogrammet i tradisjonsmusikk med fordjuping i hardingfelebygging. Det vart oppretta av Ole Bull Akademiet for nokre år sidan. Han har starta eigen felemakarverkstad i Strandebarm i Kvam, og driv i dag Gjerde Felemakeri på fulltid. Gjerde vil bruke stipendet på eit fordjupingsprosjekt der han vil sjå på konkrete ting kring ergonomi og spelbarheit på ei hardingfele, med spesielt fokus på barnefeler. 

Slåttar frå Nordhordland 

Det eine stipendet til unge utøvarar går til Johanna Mjeldheim for å kunne fordjupe seg i hardingfeleslåttar frå Nordhordaland. Mjeldheim er utdanna ved Høgskulen i Telemark og Ole Bull Akademiet. Ho er opprinneleg frå Arna, og har dei siste åra jobba som kulturskulelærar i ulike Hardangerkommunar og som arkivar ved Hardanger folkemusikksamling ved Hardanger og Voss museum. Både gjennom utdanninga og jobben har det blitt mykje jobbing med folkemusikktradisjonane frå Hardanger og Voss. Ho ønskjer no å bruke tid på å tileigna seg betre kjennskap til folkemusikktradisjonen i heimområdet sitt og slåttane som høyrer til her ved å oppsøkje arkiv og lære av utøvarar frå Nordhordaland.

Overføre til durspel

Det andre stipendet til unge utøvarar går til Ingrid Standal Sørheim frå Kvam. Ho er student ved Ole Bull Akademiet og fordjupar seg i å overføre hardingfeleslåttar frå Kvam/Hardanger til durspel. Ho har vunne durspel junior på Landskappleiken (2014) og jobbar mellom anna som kulturskulelærar i Kvam og ved toradarskulen på Voss. Ingrid er ein utforskande og søkjande toradarspelar. Ho spelar i den norsk-britiske trioen Vesterveg og har og samarbeid med den klassiske fiolinisten Hanna Thiesen. I utviklinga som scenisk utøvar ønskjer Ingrid å ha dei beste mikrofonane til instrumentet sitt, samt at ho ønskjer å utforske å bruke loop-pedal saman med toradaren. Stipendet skal mellom anna brukast til dette utstyret.

Oppmuntring

Folkemusikkstipenda til Hordaland fylkeskommune kan tildelast musikarar, songarar og dansarar og dei som arbeider med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. Satsinga skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og å styrke og sikre arbeid med immatriell kulturarv. Leiar i utval for kultur, idrett og regional utvikling, Tor André Ljosland, delte ut stipenda på opningskvelden for Osafestivalen på Voss torsdag 24. oktober, som elles mellom anna var konsert med Johanne Flottorp og «Osamæle» med Wolfgang Plagge.