Fjordlandskap på nytt fylkesvåpen

Fellesnemnda sitt arbeidsutval ber administrasjonen jobbe vidare med fjord og fjell som motiv på fylkesvåpenet til nye Vestland fylkeskommune.

Arbeidsutvalet hadde møte i Førde 26. mars, og nytt fylkesvåpen var ei av sakene på dagsorden. Prosjektleiar Rune Haugsdal la fram fire ulike motiv for politikarane, eitt med fjord- og fjellmotiv, og tre med motiv knytte til Gulatinget.

Forslaget politikarane no vel å gå vidare med, er ein variant av forslaget som fagkomiteen tilrådde i desember 2018. Vedtaket var samrøystes, og alle medlemane i arbeidsutvalet var samde om at ein no må sjå nærare på kva fargar det nye fylkesvåpenet skal ha.

Administrasjonane i dei to fylkeskommunane arbeider no vidare med nytt fylkesvåpen, før saka går vidare til fellesnemnda for endeleg vedtak. Fellesnemnda har sitt neste møte 23. mai.