Fekk trafikksikringsprisen for Hordaland

– Endeleg fekk vi denne prisen, jubla Svein Arne Hatlevik då Jon Askeland delte ut trafikksikringsprisen for Hordaland 2019 til Trafikkfagleg Samarbeidsutval i Nordhordland (TSU).

Prisen vart delt ut på den siste trafikksikringskonferansen for Hordaland i Terminus Hall i Bergen. Leiar av trafikksikringsutvalet i Hordaland, Jon Askeland, overrekte 25 000 kroner, diplom og blomst til Jakob Hernar, Nils Medaas, Arne Aase, Cathrine Lie og Svein Arne Hatlevik. Dei representerer blålysetatane i Nordhordland, politi, ambulanse og brannvesen i tillegg til Trygg Trafikk.

TrafikkPrisB4919N1000.jpg

– Det viktigaste med trafikksikring er haldningane våre. Då løyser vi trafikksikring i kvardagen, sa Jon Askeland, leiar av trafikksikringsutvalet i Hordaland.

– Vi måtte ut og møte ungdomen

Trafikkfagleg Samarbeidsutval i Nordhordland (TSU) får prisen for godt arbeid gjennom 15 år.

– For 15 år sidan hadde vi fem-seks ungdommar som køyrde seg i hel. Den siste ulukka utløyste engasjementet vårt. No måtte vi gjere noko. Vi kunne ikkje berre halde oss til handlingsplanar. Vi måtte ut og møte ungdomen, seier Svein Arne Hatlevik som jobbar i politiet.

Årleg arrangement for russen

Nils Medaas leiar brannvesenet og er koordinator for det trafikkfaglege samarbeidsutvalet.

– Vi har hatt fleire ulukker enn andre stader. Vi er i ein høgare risikosone. Vi har hatt harde ulukker. Difor er det viktig at vi er ute hos dei unge. Vi stiller alle i full uniform. Det viser makt. Det årlege arrangemenrttet for russen i april er det største vi har. Der møter 900 ungdommar. Men vi er og ute i barnehagar, skular, helsestasjon, har refleksaksjonar og lys på sykkel. Vi trur på dette og veit at det verkar, seier Medaas.

TrafikkPrisB4909N1000.jpg

Deltakarar frå både Hordaland og Sogn og Fjordane deltok på den siste trafikksikringskonferansen for Hordaland. 

Eit fyrtårn 

Jon Askeland er full av lovord over arbeidet Trafikkfagleg Samarbeidsutval i Nordhordland gjer.

– Dei har jobba hardt over lang tid og er eit fyrtårn innan trafikksikring. Dei er motivert og har vore ein pådrivar med klart mål om å få ned tal ulukker. Dei jobbar godt med haldningar hos innbyggarane og har tett samarbeid med styresmaktene, seier Askeland.

Mjuke trafikantar

Trafikksikringskonferansen hadde dei mjuke trafikantane som hovudtema. I tillegg til delakarar frå Hordaland var og mange frå Sogn og Fjordane med.

– Dette er ein viktig konferanse og ein viktig forsamling. No må vi frigjere energien for Vestland og bygge noko nytt og spennande som er betre enn det vi har i dag. Vi må setje inn kreftene for å gjere trafikksikringsarbeidet så godt som mogeleg. Mange trur at trafikksikring berre handlar om dei fysiske, harde og synlege tiltaka. Eg vi seie det motsette. Det viktigaste er haldningane våre. Då løyser vi trafikksikring i kvardagen, sa Askeland.

I Vestland fylkeskommune skal eit trafikktryggingsutval jobbe med dette.

– Vi skal lage ein plan der vi skal materialisere politikken. Vi skal analysere utviklingstrekk og setje inn innsats etter det. Vi skal spele på lag med kommunar, etatar, organisasjonar og lag. Alle kan kome med innspel. Vi skal ha samarbeid og inspirere og motivere kvarandre,  sa Jon Askeland, leiar av trafikksikringsutvalet i Hordaland.