Feirar jul i den norske kyrkja i Cardiff

Det er god julestemning i den norske sjømannskyrkja i Cardiff. Medlemmer av den norsk-walisiske vennskapsforeningen fyller kyrkja med familie og venner til julefeiring.

– Det er aukande interesse for Noreg og Hordaland her i Cardiff. Vi er mange som har band til Noreg, og den norske sjømannskyrkja er blitt ein heim for oss, seier Tyra Oseng-Rees, som er leiar av den norsk-walisisk vennskapsforeningen.

Tre store feiringar

Oseng-Rees fortel at det er tre store feiringar gjennom året i kyrkja.

– Kyrkja er viktig for oss og Cardiff. Her feirar vi 17. mai, St. Hans og jul. Då møtast vi i kyrkja til fest og feiring. Dei siste åra har vi merka ei aukande interesse for kyrkja og Noreg, Vi er blitt fleire som brukar kyrkja. Etter at det vart færre sjøfolk, er det no turistar som kjem. I tillegg møtast vi om lag ein gong i månaden i kyrkja gjennom heile året. Vi har ei lang og felles historie med Noreg som vi er stolte over. Vi har vore forbundet gjennom mange år. Eg håpar vi kan ta vare på kyrkja og møtast her i framtida.

CardiffJUlB6036N1000.jpg

Juletreet er på plass i den norske sjømannskyrkja i Cardiff. Tyra Oseng-Rees (t.v.) er leiar i den norsk-walisiske vennskapsforeningen.

Nytt juletre frå Hordaland

Jula er spesiell i den norske sjømannskyrkja som er blitt eit kunstsenter sentralt på hamna i Cardiff. Til denne jula vart eit nytt grantre planta utanfor kyrkja. Det er ei gåve frå Hordaland fylkeskommune. Første søndag i advent blir det tent. Inne i kyrkja er det og eit pynta juletre med julelys.

– I 1991 sendte vi for første gongen eit juletre som gåve til Cardiff. Det vart plassert utanfor den norske kyrkja. Juletreet frå Hordaland er ein tradisjon som vi har hatt i 28 år, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø. Han er takknemleg for det store arbeidet den norsk-walisiske vennskapsforeningen gjer.

CardiffJUletreB680AN1000.jpg

Det nye juletreet, som er ei gåve frå Hordaland fylkeskommune, er tent utanfor den norske sjømannskyrkja i Cardiff.

Entusiasme

– Eg er glad og imponert over det gode arbeidet og entusiasmen vennskapsforeningen gjer for oss på heilt frivillig basis. Deira sterke engasjement har vore viktig og er ein garanti for suksess, ikkje berre i år, men og for framtida, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland.

Den norske sjømannskyrkja er blitt ei populær møtestad på hamna i Cardiff. Meir enn 200 000 personar kjem kvart år innom. Her er det servering, ulike utstillingar og god prat. Takka vere folkegåva på ein million kroner, samla inn i Hordaland og Sogn og Fjordane, vart kyrkja gjenreist tidleg på 1990-talet.

CardiffJukB6041N1000.jpg

Utstillinga "ein liten del av Noreg i Wales" er på plass i sjømannskyrkja i Cardiff.

CardiffJulB5816N1000.jpg

Fitjar vidaregåande skule har i mange år hatt eit nært forhold til sjømannskyrkja i Cardiff og har samarbeid om mat: Her assisterande rektor Christer Stewart (f.v.), kokkelærarane Margareth Tislevoll og Astrid Bukkøy, saman med fylkesdirektør Bjørn Lyngedal under 150 årsjubileet 15. desember. Matjesild etter ein oppskrift av Roald Dahl, stod mellom anna på menyen.