Feira folkegåva frå Hordaland og Sogn og Fjordane

Folket i Sogn og Fjordane og Hordaland gav ein million kroner til å gjenreise den norske sjømannskyrkja i Cardiff. 15. desember feira kyrkja 150 årsjubileum.

– Vi har ein sterk, djup og varig venskap mellom Cardiff og Vestlandet. Sjømannskyrkja har ein spesiell plass i hjartet vårt. Denne vakre bygningen er 150 år, og jubileet gjev oss høve til å reflektere over venskapet. Det er viktig å feire. Vi har ein felles kulturarv. Vi ser fram til mange nye år som gode venner, sa ordføraren i Cardiff, Lord Mayor, Dan De’Ath, i helsingtalen under jubileet i kyrkja.

CardiffB5882N1000.jpg

Gode venner over Nordsjøen: Ordføraren i Cardiff, Lord Mayor, Dan De’Ath, saman med tidlegare fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

Helsing frå Kong Harald

Kong Harald sendte helsing til 150 årsjubilanten, som fylkesvaraordførar Pål Kårbø overrekte ordføraren i Cardiff og som vart hengt opp i kyrkja. I helsinga står det: «Jeg sender mine beste hilsener til alle som er samlet i anledning markeringen av sjømannskirken i Cardiff sitt 150-årsjubileum. Harald R»

CardiffB5847N1000.jpg

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø overrekkjer helsinga frå Kongen til Lord Mayor of Cardiff, Dan De’Ath.

Populær heim for nordmenn 

Kyrkja var fullsett under feiringa, både med nordmenn og walisarar. Mellom anna deltok ministerråd ved den norske ambassaden i London, Vibeke Rysst-Jensen. Sjømannsprest Torbjørn Holt i London, heldt same gudsteneste som då kyrkja, som vart bygt i 1869, vart innvigd søndag 16. desember same år.

– Kyrkja har vore ein populær heim for alle nordmenn som har kome til Cardiff i desse 150 åra. Kyrkja er symbolet på venskapet mellom Noreg og Cardiff. Vi har eit heilt unikt venskap, sa Roy Noble i BBC som fortalde historia om både venskapet og kyrkja, ei historie som og er blitt sendt på BBC.

CardiffB5915N1000.jpg

Deltakarar i feiringa i Cardiff var mellom anna: fylkesvaraordførar Pål Kårbø (f.v.), Tyra Oseng-Rees (leiar av den norsk-walisiske venskapsforeningen), fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal, prosjektleiar Terje Inderhaug, ministerråd ved den norske ambassaden i London, Vibeke Rysst-Jensen, tidlegare fylkesrådmann og økonomidirektør Johnny Stiansen og tidlegare fylkessordførar Torill Selsvold Nyborg.

To tredelar av kolfrakten gjekk med norske skip

Norske sjøfolk kom først til Cardiff med tømmer. Seinare skipa dei ut kol og jarn. Cardiff vart hovudstaden for kol i Storbritannia, og to tredelar av frakten gjekk med norske skip. Rundt 1960 dabba eksporten av, og sjømannskyrkja gjekk ut av bruk. Den vart demontert, men teken vare på, for modernisering og utbygging av hamna. På 1980-talet var sterke krefter i sving med å få den gjenreist. Ny tomt, sentralt på hamna, kom på plass, men pengane til gjenreisinga mangla.

CardiffB5938N1000.jpg

– Kyrkja er symbolet på venskapen mellom Noreg og Cardiff. Vi har eit heilt unikt venskap, sa Roy Noble i BBC. Espen Selvik leia festen på ein framifrå måte både med tale og musikk.

Folkegåve på ein million

Dåverande fylkesmann i Sogn og Fjordane, Ingvald Ulveseth, tok initiativ til ei folkegåve frå Vestlandet, for å gjenreise kyrkja. Dåverande fylkesordførarar, Julius Fure i Sogn og Fjordane og Ole Dramdal i Hordaland, likte tanken. Dermed gjekk dei to fylkeskommunane, som no skal bli til ein, saman om å samle inn pengar. I alt vart ein million kroner samla inn som ei folkegåve, frå det som no blir Vestland fylke. Og med pengar samla inn i Cardiff, vart sjømannskyrkja gjenreist og opna av prinsesse Märtha Louise, 7. april 1992.

CardiffB5939N1000.jpg

– Vi har ein djup og varig venskap, sa næringsjef Ken Poole i Cardiff som blir takka av fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

Venskap er nøkkelen til suksess

Næringssjefen i Cardiff har eit sterkt forhold til kyrkja og Noreg.

– Vi har eit sterkt venskap som har vart lenge. Dette venskapet er nøkkelen til vidare suksess for Cardiff. Byen er bygd på handel og eksport med stor hjelp av norske sjøfolk. Eg hugsar mange frå mine unge dagar. Dei skaffa økonomiske fordelar til Cardiff. Vi er ein tolerant og venleg by. Kyrkja symboliserer venskapet. Den er viktig for meg og byen. Sjølv om kyrkja har endra seg, er den ein del av arven vår. Vi har ein djup og varig venskap. Lenge leve Hordaland! sa næringsjef Ken Poole.

CardiffB5868N1000.jpg

Lord Mayor of Cardiff, saman med fylkesvaraordførar Pål Kårbø, plasserte helsinga frå Kongen på veggen i kyrkja.

Mange band gjennom åra med Cardiff

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø trekte fram det spesielle venskapet mellom Hordaland og Cardiff, men og med Sogn og Fjordane, som no blir ein felles vestlandsregion med Hordaland.

– Vi har bygt mange band gjennom åra med Cardiff. Vi har hatt mange prosjekt saman som kulturarv, økonomisk utvikling, matfestivalar, utdanning og læring. Vi har mykje felles og mykje å dele. Det er stort å lære av kvarandre og berike vårt kulturelle liv gjennom samarbeid og skape nye jobbar i fellesskap. Eg er trygg på at vårt venskap vil bli sterkare og sterkare, sa fylkesvaraordføraren.

Blir til Vestland

Kårbø peika på at Hordaland og Sogn og Fjordane frå årsskiftet går saman til Vestland.

– Vi må arbeide sterkt for å skape nye tradisjonar og bygge ny kultur og identitet. Det er godt å vite at komiteen for gjenreising av kyrkja var eit samarbeid mellom våre to fylkeskommunar som no skal bli ein ny region. Så det nye Vestland har eit historisk ansvar for gjenreisinga av den norske kyrkja som er blitt eit kultursenter. Eg er optimistisk for vårt fremtidige venskap, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø.