Klimathon: Viste nye løysingar for klimatilpassing

Digitale verktøy for risikoanalyse, etablering av vatnkontor og nye måtar å organisere arbeidet  i kommunane på. Dei 80 deltakarane på Klimathon viste stort engasjement då dei presenterte sine løysingar for god klimatilpassing.

Klimathon er en form for hackathon. Dette inneber at arbeidsformen er gruppearbeid, og at kvar gruppe samarbeider konsentrert mot eit felles mål. Deltakarane på årets Klimathon var frå både kommunar, fylke, konsulentselskap, forskingsmiljø, statlege organisasjonar og politikk. På kvar gruppe er deltakarar frå heilt forskjellige fag, sektorar og nivå. 

I den siste delen av konferansen presenterte alle arbeidsgruppene sine nye idear.

– Vi skal leve med vatnet, ikkje mot det, sa Ingerid Pegg då ho presenterte løysingar gruppa hennar hadde kome fram til på årets Klimathon. Ho viste korleis fiktive Våtvann kommune skulle etablere eit vatnkontor som sørga for at vatn blir tatt grunnleggande omsyn til i kommunen si planlegging.

– I staden for å sikre seg mot for eksempel havnivåstigning og flom, må kommunen planlegge bygginga si slik at dei aktuelle områda tåler påkjenninga det dei sjeldne dagane tilhøva er kritiske, seier Pegg som er rådgjevar for overvatn og klimatilpassing i Stavanger kommune.

Klekker ut idear

Årets Klimathon var det andre som er arrangert. Sølve Sondbø, seksjonsleiar for seksjon for klima- og naturressursforvaltning, fortel at arrangementet er ein viktig møteplass for å klekke ut gode idear. Deltakarane kom frå heile landet.

– Klimathon er eit glimrande eksempel på noko det trengs meir av: samhandling på tvers, kreativ idéverkstad og konkrete forslag nye løysingar, sa Sondbø før postersesjonen der gruppearbeida skulle presenterast.

Arbeidgruppene kunne velje oppgåver innanfor fire hovudtema: Vatn og meire vatn, natur, landbruk og kulturminne, samfunnstrygleik i eit endra klima og heilskapeleg styring, organisering og leiing. Tema støttar opp om det nasjonale arbeidet på feltet.

Digitale verktøy for risikoanalyse

Ei av arbeidgruppene si løysing handla om riskioanalyser, såkalla ROS–analysar, som følger med alle plansaker i kommunane, for eksempel ved byggesøknadar. Gruppa sin idé handla om å utarbeide eit digitalt ROS-analyseverktøy der dokumentasjon står sentralt i arbeidsprosessen.

– Verktøyet skal vere kopla mot relevante databasar som flomsonekart, skredkart, data for havnivåstigning og topografi, fortel Rasmus Benestad, gruppas representant frå meteorologisk institutt.

Det digitale systemet skal gjere at alle sider av saken blir godt belyst,og skal avdekke om det er områder vi treng meir kunnskap på.

Ei anna gruppe viste korleis eit nytt partnarskap for klimatilpassing kunne etablerast på regionalt nivå og kommunenivå. Ideen var å etablere ei eiga gruppe for klimaarbeid der både polititisk leiing, opposisjon og administrasjonen var involvert. Dette skulle vere eit dymanisk forum som jobba med klimatilpassing. Modellen innebar òg å knytte klimakoordinatorane i kommunane tettare mot arbeidet som skjer på feltet i fylkeskommen.

klimathon_posterpresentasjon_3.jpg

RISIKO: Rasmus Benestad forklarer fordelene med eit digitalt system for risikoanalysar.

– Må vere litt «armar og bein»

Hordaland fylkeskommune arrangerer samlinga saman med NORCE, Sogn og Fjordane fylkeskommune, CET-senteret og Bjerknessenteret ved UiB, og Vestlandsforsking. Arrangementet i år handla spesielt om å finne gode idear for å tilpasse seg dei endringane som skjer med klimaet.

– Å jobbe tverrfaglig er veldig vanskelig, men røynda er vanskeleg. Vi må bruke tid til å sitte saman og forstå kvarandre for å løyse problema. Det må vere litt armar og bein for at vi skal få til noko nytt, seier Mathew Stiller-Reeve frå NORCE Klima som leier arbeidet med Klimathon. Han omtalar årets arrangement som fantastisk.

– Eg får rett og slett eit kick av å sjå folk i djup dialog om dette temaet, seier han.