Fall-lem skal stoppe råkøyrarar i Bergen

– Dette er eit nytt og godt tiltak for å få ned farten på vegane, seier Jon Askeland, leiar av fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland, etter at ein ny type fartsdump skal prøvast ut for første gong i Noreg.

I Nattlandsveien skal det byggast ein lem nedfelt i køyrebana. Lemmen fell seks centimeter ned når bilar køyrer for fort. Det vil medføre eit ufarleg dunk i køyretøyet. Dette blir ei fysisk påminning om å halde fartsgrensa. Dei som held fartsgrensa vil køyre som normalt over lemmen. 

Ny teknologi

– Eg er veldig glad for at me i Vestland og Bergen er framoverlente og prøver ut ny teknologi innan trafikktryggleik her i landet. Dette systemet har ikkje vore nytta i Noreg før og fungerer slik at berre dei som køyrer for fort, vil få ei fysisk påminning om det. Dei som held seg innan fartsgrensa, vil ikkje merke noko. Vi trur dette kan vere ein betre måte enn fartshumpar for å få ned farten, seier Jon Askeland, som og er påtroppande fylkesordførar i Vestland.

ActibumpN1000.jpg

Actibump er namnet på fall-lemmen som skal stoppe råkøyrarar i Nattlandsveien. Ein radar måler farten, og for dei som køyrer for fort, vil den falle seks centimeter ned, slik at det blir ein ufarleg dunk. Illustrasjon: Edeva AB, Sverige.

Fordel for bussar

Utvalet har løyvt ein halv million kroner til etablering av det nye
fartsreduserande systemet. Den blir montert på flaten ved det etablerte gangfeltet i Nattlandsveien, like ved avkøyrsle til Erleveien. Lemmen blir montert i ein kasse som blir felt ned i vegbana.

Dette er ein ny fartsdempande teknologi som er alternativ til fartshumpar, fartsputar og liknande. Den gjev stor grad av framkome, god trafikkflyt og komfort. Ei slik løysing vil vere til fordel på traséar som er viktige for buss og utrykkingskøyretøy, der det samstundes er ønskjeleg å få ned fartsnivået på biltrafikken. 

Mange syklande og gåande 

Systemet blir utprøvd i Nattlandsveien som går gjennom tettbygd strøk med relativ høg sykkeltrafikk og kryssande fotgjengarar. Det er sykkelfelt i begge retningar på strekninga. Fartsgrense er 40 kilometer i timen. På eine sida er vegen er det bustader for blinde og svaksynte som har tenester på begge sider av vegen. Årsdøgntrafikken er på 11 200 køyretøy.

Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen har inngått avtale med den svenske leverandøren Edeva AB om å etablere denne nye typen fartsdempande teknologi. Trafikksystemet har fått namnet Actibump. 

Sverige og Australia

Til no er anlegget i bruk i Sverige og Australia. Erfaringar derfrå viser at etter kvart vil det store fleirtalet av køyrande halde seg til fartsgrensa.