EU lyttar til Hordaland og Cardiff

– Før eksporterte vi kol. No eksporterer vi kunnskap, seier professor Ole Petersen i Cardiff som saman med professor Matthias Kaiser i Bergen er med i eit europeisk nettverk av forskarar og universitet som gjev råd til EU-kommisjonen.

– Vi er eitt av dei store kunnskapsuniversiteta i Europa, og vi har eit svært godt samarbeid med Universitetet i Bergen om forsking og å gje råd til EU-kommisjonen. Vi har arbeidsgrupper ved fem universitet i Europa der mange frå Hordaland er med. Vårt oppdrag frå EU er å gjere mat frå havet berekraftig. Vi skal vi gje råd til EU om kva dei bør gjere framover. Mange universitet i Europa er med, men dei to store er Bergen og Cardiff, seier professor Ole Petersen som leiar EU-samarbeidet i Cardiff.

Oppdrag frå EU-kommisjonen

Professor Matthias Kaiser ved Universitetet i Bergen likar at dei har fått til eit så godt samarbeid med Cardiff.

– Vi har fått oppdraget av EU-kommisjonen om å gjere mat frå havet berekraftig. Det er ei av dei største utfordringane vi har. I Bergen er vi fleire forskarar som samarbeider med forskarar i Cardiff. Vi lagar rapportar og kjem med tilrådingar om kva EU bør gjere. Universiteta er kunnskapsfabrikkar, og vi er med i den vidare forskinga som dannar grunnlag for kva EU skal satse på, seier professor Matthias Kaiser. 

Eit løft for samarbeidet 

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø er glad for at det mangeårige vennskapet mellom Hordaland og Cardiff er blitt løfta opp på universitets- og forskingsnivå.

– Eg er sikker på at dei to universiteta vil sikre eit nærmare og sterkare samarbeid og forsking mellom våre to vennskapsregionar og Europa. Universiteta i Cardiff og Bergen, med det europeiske nettverket av universitet, er heilt i forgrunnen innan forsking, utvikling og framtidig samarbeid. Vi har mykje felles og mykje å dele. Det er stort å lære av kvarandre og gjennom samarbeid skape nye jobbar, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

Ny fangst frå havet 

Ny arbeidsplassar skal kome innan nye måtar å hauste havet på. Grunna overfiske kan ikkje det tradisjonelle fisket auke meir. Auke i produksjonen frå havet må skje innan nye artar som tang og tare, bifangst, krill, plankton og raudåte, med meir.

– Folk vil ha meir mat frå havet, men det er ikkje nok der. Vi må gå nye vegar og gjere den berekraftig. Det er dette vi samarbeider med Universitetet i Bergen om og som vi gir råd til EU-kommisjonen om. Vi er alle ekspertar, men vi får det betre til gjennom samarbeid. Vi skal halde fram med å gje råd til EU-kommisjonen, seier professor Ole Petersen i Cardiff.