Elevar skal lære om arkitektur, landskap og klima

– Her har dei vidaregåande skulane fått eit fantastisk verktøy til å lage spanande undervisningsopplegg, seier fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim etter at eit digitalt undervisingsopplegg om arkitektur, landskap og klima er gjort tilgjengeleg.

Bakgrunn er dei to store vegbøkene, Kulturhistorisk og Naturhistorisk vegbok, og boka Folgefonna og fjordbygdene. Dei siste åra har det aller viktigaste vore å leggje til rette for at dette kunnskapsstoffet kan gjerast tilgjengeleg for folk flest, men ikkje minst for ungdom i vidaregåande opplæring. Alt er tilgjengeleg på den digitale kunnskapsportalen ved Universitetet i Bergen, grind.no. 

To temahefte 

Det første temaheftet var ferdig i april i fjor: «Arkitekturen, landskapet og klimaet». Det vart sendt ut til skulane saman med eit rettleiingshefte for faglærarane med døme på fordjupingsoppgåver, kjelder, faglitteratur, feltarbeid og ekskursjonar. I tillegg fekk skulane ein pakke med fem eksemplar av boka om Folgefonna og fjordbygdene, som eksempel på fordjupingslitteratur. For 15 år sidan fekk alle dei vidaregåande skulane i Hordaland tilsendt eit klassesett med 30 eksemplar av Naturhistorisk vegbok for Hordaland. Truleg vil desse bøkene vera å finna i biblioteka ved skulane. 

På norsk og engelsk 

Både Kulturhistorisk vegbok og Naturhistorisk vegbok er no tilgjengelege digitalt i kunnskapsportalen ved Universitetet i Bergen, grind.no, både i norsk og engelsk utgåve. Her ligg og det digitale undervisingsopplegget med temahefte nr. 1 som vart sendt ut i 2018, med Nils Georg Brekke som forfattar. Dette hefte har tema om arkitektur og busetnad gjennom tre tusen år, om konstruksjon og teknologi og om samspelet med naturens krefter og fysikkens lover. 

Klimaforsking på overtid 

Temahefte nr. 2, Klimaforsking på overtid, har Jostein Bakke som forfattar. Dette heftet vil vere klar i løpet av våren og vil bli lagt ut på GRIND. I programmet Uro ved Leo Ajkic som vart sendt på NRK1 torsdag 10. januar, frå ein reportasjetur saman med Jostein Bakke, er klimaet tema. Dette er ein fin og tidsaktuell inngang til eit viktig tema som opptek unge i dag. Truleg vil dette programmet bli tilgjengeleg gjennom ein DVD som kan sendast til den einskilde skule.

Skuleportal

I 2018 er det også lagt inn ein skuleportal under GRIND. Her kan kvar skule få sitt eige passord og vil kunne leggje inn data, rapportar, bilete og kart frå ekskursjonar til aktuelle lokalitetar som er relaterte til dei geografiske stadene i GRIND. Aktuelt stoff med god kvalitet kan så leggjast inn med generell tilgang for alle.

Dette tverrfaglege undervisningsopplegget er særleg retta inn mot fag innanfor naturhistorie, kulturgeografi, historie og bygningsteknikk. 

Samarbeid 

Kunnskapsportalen Grind og dette undervisingsopplegget er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Universitetet i Bergen, og andre partnarar.