Elevar møtte ny ambassadør i sjømannskyrkja i Cardiff

– Det var veldig kjekt å treffe ambassadøren, seier Anastasia Svolsbru, ein av elevane frå Hordaland som går på vidaregåande skule i Cardiff. Elevane møtte den norske ambassadøren til Storbritannia i den 150 år gamle norske sjømannskyrkja i hovudstaden i Wales.

Wegger Christian Strømmen er ny ambassadør i London og er på første reise i embetet til Wales. Hans kone,Cecilie Strømmen, er sjømannsprest i London. Difor var ambassadørparet spesielt interessert i den 150 år gamle norske sjømannskyrkja i Cardiff. 

– Ambassadøren fekk informasjon om sjømannskyrka, Cardiff, og kva vi kan oppleve som kanalbåtar, butikkar/kjøpesenter, kino, opera, historie, slottet og mykje meir. Det var veldig kjekt å treffe ambassadørparet som var blide og hyggelege, seier Anastasia Svolsbru

CardiffN1000AmbassadorB70528.jpg

Den nye norske ambassadøren til Storbritannia, Wegger Christian Strømmen og kona Cecilie Strømmen, møtte dei norske elevane i den 150 år gamle norske sjømannskyrka i Cardiff. 

Veldig lærerikt 

Anastasia er ein av 11 elevar frå Hordaland som tek andre året (vg2) på vidaregåande i Cardiff.

– Skuleåret har vore veldig lærerikt. Det å reise på utveksling til eit anna land er eit stort steg på å bli sjølvstendig frå foreldre og familie. Skulegangen her har vore utfordrande, men dette kjem og til å bli eit stort forsprang når vi kjem heim og skal halde fram skulegangen. Året i Cardiff kan og bli eit steg til fleire studieturar i utlandet, om vi ikkje har tenkt å busette oss der då, seier Anastasia Svolsbru.

Ambassadørparet sette stor pris på vitjinga i Cardiff. Dei var spesielt interessert i den 150 år gamle norske sjømannskyrkja. Dei lova å kome attende når jubileet skal feirast søndag 15. desember i år.

CardiffN1000BTyraOseng.jpg

Styreleiar Dr. Tyra Oseng-Rees i den norske sjømannskyrkja i Cardiff helsa alle velkomne til kyrkja.

Samla inn ein million frå Hordaland og Sogn og Fjordane

I 1991 vart sjømannskyrkja restaurert og gjenreist ved hjelp av ein million kroner samla inn i Hordaland og Sogn og Fjordane. Forfattar Roald Dahl, som vart døypt i kyrkja, tok initiativ til gjenreisinga. Fylkesordførar Ole Dramdal la ned grunnsteinen i 1991. I 1992 opna prinsesse Märtha Louise den nye kyrkja. I 2011 vart kyrkja pussa opp for fem millionar kroner, delvis med hjelp frå Hordaland. Dåverande fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opna kyrkja.

Sjømannskyrkja er ikkje lenger i bruk som kyrkje, men er blitt eit kunstsenter: The Norwegian Church Art Centre som er open med utstillingar, kunst og musikk. Kyrkja er eit svært synleg byggverk i hamneområdet og ein viktig del av profileringa av hovudstaden i Wales. Den er svært viktig for det norsk-waliske miljøet i området. Kvart år kjem over 200 000 personar innom kyrkja.

CardiffN1000KyrkjaB7803.jpg

Den norske sjømannskyrkja i Cardiff skal feire 150 årsjubileum søndag 15. desember.

Stolte over å ha vore Cardiff-elev

I 22 år har Hordaland sendt elevar til vidaregåande skule i Cardiff. I år er der 11 elevar, men neste år aukar det til 19. Lektor Hege Cruickshank ved Knarvik vidaregåande skule er kontaktlærer for dei og koordinator for dei vidaregåande skulane i Wales.

– Elevane går på fem ulike vidaregåande skular. Dei skal vere åleine norsk i klassen og bu heime hos ein vertsfamilie for å bli godt integrert. Skuleåret er svært givande for elevane, men og ganske krevjande. Alle som har gått der, er svært nøgde og stolte over å ha vore Cardiff-elev, seier kontaktlæraren.

CardiffN1000Avduking.jpg

Dåverande fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opna den nyrestaurerte sjømannskyrkja i Cardiff i 2011.

Skal feire 150 år 

Søknadsfrist for å bli elev i Cardiff er 1. mars kvart år.

– Elevane må vere motiverte og forstå kva det går ut på å bu heimafrå eit skuleår. Det er både trygt og krevjande å bu hos ein vertsfamilie. Søkjarane blir testa. Dei går gjennom intervju og blir plukka ut, seier kontaktlærar Hege Cruickshank. 

Søndag 15. desember blir 150 årsjubileet for sjømannskyrkja feira. Ein større delegasjon frå Hordaland vil delta i feiringa.