Dette skjer med hordaland.no, sfj.no og vlfk.no

Når Hordaland og Sogn og Fjordane går saman til Vestland fylkeskommune ved nyttår, får vi nye nettsider for Vestland fylkeskommune.

1. januar lanserer vi ein heilt ny nettstad for Vestland. Den vil du finne på www.vestlandfylke.no.

Dei gamle sidene www.hordaland.no og www.sfj.no vil bestå ei lita stund før vi tek dei ned. Dette er fordi vi ikkje vil få på plass alle tenester på dei nye sidene frå start. Vi vil få dei over fortløpande like over nyåret.

Vi avviklar den førebelse nettsida om samanslåingsprosessen, vlfk.no 30. desember. Nettadressa vlfk.no skal brukast som kortadresse for den nye nettstaden. Alt innhald som ligg på dagens vlfk.no vil du finne på adressa  gamle.vlfk.no i ei periode frå nyttår.

Skulesidene

Nettsidene til alle våre vidaregåande skuler vil fortsette på same nettadresse som før, men vil få oppdatert logo. I løpet av våren kjem fylkeskommunen til å starte eit nytt prosjekt for å få på plass heilt nye nettsider for skulane.

Bybanen utbygging

Nettsidene fortsett som før på www.hordaland.no/bybanen-utbygging

Skyss og Kringom

Nettsidene til kollektiveiningane skyss.no og kringom.no fortsett som før inntil vidare.

Facebook

Facebooksidene til Hordaland og Sogn og Fjordane vil ikkje bli sletta, men vi kjem til å stengje for nye meldingar, kommentarar og innlegg, og vi kjem heller ikkje til å publisere nytt innhald. Du kan følgje Vestland på facebook.com/vestlandfylke

Takk for følgjet!

Kommunikasjonsseksjonen i Hordaland fylkeskommune vil takke alle som har fulgt oss her og vi ser fram til å kunne fortsette å gi deg gode nyheiter frå det nye fylket.