Det første fylkestinget i Vestland

Den historiske første samlinga for Vestland fylkesting finn stad den 15. og 16. oktober på hotell Norge i Bergen. Leiar av fellesnemnda Anne Gine Hestetun starter møtet, men vil raskt gje klubba og leiinga vidare til Vestland sin første fylkesordførar.

På det tette programmet står både sakshandsaming og opplæring for politikarane, og den høgtidelege markeringa og middagen i Håkonshallen om kvelden den 15. Der vil òg fylkesordføraren for Vestland få overrekt det nylaga fylkesordførarkjede.

65 representantar

Til saman 65 representantar tar plass i det nye fylkestinget for Vestland når dei møtest for første gong. 44 prosent av representantane er kvinner og 55 prosent er menn. Det største partiet i det nye fylkestinget er Arbeiderpartiet med sine 14 mandat. Deretter følgjer Høgre med 12 mandat og Senterpartiet, partiet til den nye fylkesordføraren, med 10 mandat.

Resten av mandata fordeler seg slik: Folkeaksjonen Nei til meir bompengar 6 mandat, Framstegspartiet 6 mandat, Miljøpartiet Dei Grøne 5 mandat, Sosialistisk Venstreparti 4 mandat, Kristeleg Folkeparti 3 mandat, Venstre 2 mandat, Raudt 2 mandat og Pensjonistpartiet 1 mandat.

Tar over møteleiinga

På det første fylkestinget for Vestland står naturleg nok ei rekkje saker av konstituerande karakter på sakslista. Dette inneber mellom anna å godkjenne fylkestingsvalet 2019 og gjere vedtaket som stadfestar kven som blir fylkesordførar og fylkesvaraordførar dei neste fire åra. Etter den saka tiltrer den nye fylkesordføraren som då sit med både klubba og møteleiinga.

Andre sentrale saker er valet av kven som skal sitte i fylkesutvalet og kven som skal sitte i kontrollutvalet og alle dei folkevalde organa. Då blir det òg kjent kven som skal leie dei fire hovudutvala. Det er hovudutval for kultur, idrett og inkludering, hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon, hovudutval for opplæring og kompetanse og til slutt, hovudutval for samferdsel og mobilitet. Fylkesutvalet har 17 medlemmer og har møte ein gong i månaden. Hovudutvala har òg møte ein gong kvar månad, men har 15 medlemmer. Kontrollutvalet fører tilsyn og kontroll med den fylkeskommunale forvaltninga på vegne av fylkestinget. Leiar, nestleiar og ein av medlemene i kontrollutvalet skal veljast blant fylkestinget sine medlemer.

Fylkestinget skal òg vedta ny samarbeidsavtale for Vestlandsrådet som består av dei fire fylka på Vestlandet, samt velje representantar som skal sitte i dette samarbeidsorganet.

Lærer opp politikarane

I det nye fylkestinget er det både erfarne og nye fylkespolitikarar. Mykje av programmet på den andre dagen av tinget handlar om opplæring av politikarane. Dette inneber både praktisk informasjon og å lære meir om fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver. Fylkesrådmann i Telemark, Evy-Ann Andersen, skal mellom anna førelese om fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar. Målet er å gi dei nye politikarane ein god start i den viktige jobben dei skal gjere for Vestland og alle dei nær 600 000 innbyggjarane i fylket dei fire neste åra.