Delte ut 18 millionar kroner til kultur

I det aller siste møtet til utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland delte politikarane ut over 18 millionar kroner til diverse kulturelle tiltak, mellom anna 6,6 millionar kroner til kulturelle utviklingsprosjekt (KUP).

Dei 18 millionane vart tildelt innan ni ulike kulturelle kategoriar, mellom anna fleire tilskotssaker. Søkjarmengda vitnar om eit svært aktivt og ambisiøst kulturliv i Hordaland. Alle ordningane har eit høgt søkjartal og gode søknader, så det vart prioriterast strengt for å plukke ut dei søkjarane og prosjekta som skal få støtte. 

Millionane vart slik fordelt:

  • Kulturelt utviklingsprogram (KUP): 6, 656 millionar kroner
  • Profesjonelle kunstnarar: 520 000 kroner
  • Amatørkunstnarar: 275 000 kroner
  • Spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet: 2,381 millionar kroner
  • Spelemidlar til kulturhus med regionale funksjonar: 1,324 104 millionar kroner
  • Museumsløft: 2 millionar kroner
  • Friluftslivets ferdselsårer: 1,805 millionar kroner
  • Lågterskeltilbod for fysisk aktivitet for barn og ungdom: 140 000 kroner
  • Den kulturelle spaserstokken: 3 millionar kroner

Kulturelt utviklingsprogram

Kulturelt utviklingsprogram – KUP fordelte om lag 6,6 millionar til 22 prosjekt. Desse vart plukka ut blant 55 søknader. Den største løyvinga gjekke til KRAFTMUSEET - NORSK VASSKRAFT- OG INDUSTRISTADMUSEUM i Odda/Tyssedal. Dei skal etablere eit senter kring fotografen Knud Knudsen som ein del av museet. Dei fekk ei løyving på 1,4 millionar over 3 år.

Arkivet etter Knud Knudsen (Universitetsbiblioteket i Bergen) er tatt inn i Norges dokumentarv (UNESCO sitt verdsminneprogram). Den store fotoproduksjonen til Knudsen har vidtrekkande digital formidling, men det har mangla ein fysisk arena som presenterer arbeidet – og dette vil dei etablere i Odda der Knudsen kom frå.

Havfilmfestival

BERGEN INTERNASJONALE FILMFESTIVAL fekk ei løyving på 450 000 kroner over 3 år til nysatsinga Havfilmfestivalen. Den er eit prosjekt som skal framheve det særeigne med Vestlandt som fjord- og kystfylke med ein årlrg turné i fylket som skal knyte saman forskarmiljø og institusjonar innan havforvaltning. 

Det vart også mange løyvingar på om lag 200 000 kroner kvar til mange ulike prosjekt innan heile kulturfeltet. Alle tildelingane oppfyller vedtekne programområder for ordninga, og er viktige for å oppfylle satsingar i den regionale kulturplanen.      

Andre prosjekttilskot

Tilskotsordningane Prosjekttilskot: Kultur – amatør og Prosjekttilskot: Kunst og kultur – profesjonell er ordningar med søknadsfrist to gonger i året, og dekker store delar av kulturfeltet. Dette er ordningar som gir tilskot på mellom 10 000 og 50 000 til prosjekt og tiltak som på ulikt vis har verdi for kulturlivet i fylket. Det var til saman 114 søknader i desse to ordningane og ein samla søknadssum på nærare 2,7 millionar kroner. Summen som vart tilgjengeleg for hausttildelinga vart 795 000 kroner, som vart fordelt på 42 søkjarar.

Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er midlar som vert fordelt til kommunane i fylket. Det vart løyvd 3 millionar til dette. 

Kulturhus

Det er store behov og ambisjonar for nye og oppgraderte kulturhus i Hordaland, mens midlar til dette har blitt mindre både frå stat og fylkeskommune. Den samla søknadssummen til ordninga Spelemidlar til regionale kulturhus på om lag 66,5 millionar kroner og ei tildeling på til saman 1 324 104 fordelt på 5 søkjarar viser dette tydeleg.

Ferdselsårer 

Eit stort prosjekt innan friluftslivet er satsinga på 1,805 millionar kroner på friluftslivets ferdselsårer. Dette er eit nasjonalt prosjekt med mål om å få fleire ut på tur og legge til rette for dette gjennom kommunale planer.

Slik blir pengane fordelt på dei ulike tildelingane:

Kulturelt utviklingsprogram (KUP)

Profesjonelle kunstnarar

Amatørkunstnarar

Spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet

Spelemidlar til kulturhus med regionale funksjonar

Museumsløft

Friluftslivets ferdselsårer

Lågterskeltilbod for fysisk aktivitet for barn og ungdom

Den kulturelle spaserstokken