Deler ut 50 gratis PC-ar til barn og unge

Eit samrøystes Hordaland fylkesutval har vedteke å dele ut 50 PC-ar til barn og unge som har behov for det. PC-ane blir delt ut til fem ulike organisasjonar i Afrika, Sør-Amerika og Aserbadsjan.

Dette er tredje gongen Hordaland fylkeskommune deler ut fullt brukbare PC-ar som av ulike årsaker ikkje lenger er i bruk. Ved tildeling blir søkjarar utanfor Noreg prioritert. Barn og unge i organisert skuletilbod og organisert SFO-tilbod blir og prioritert.

Fylkeskommunen fekk 28 søknader om tildeling. Søknadene spenner over eitt breitt spekter av ulike hjelpetiltak både i og utanfor Noreg, både i regi av enkeltpersonar og etablerte hjelpeorganisasjonar.

Slik er PC-ane tildelt: 

Children og Zululand: 10

My Sisters Women’s Welfare Association: 14

U-landsforeningen Svalene: 6

JOY Aserbadsjan: 14

Holy Trinity Peace Village: 6

Funksjonshemma i Zululand

Children og Zululand driv hjelpearbeid blant barn, unge og funksjonshemma i Zululand, den fattigaste delen av Sør-Afrika. PC-ane vil bli nytta i undervisinga ved tre skular.

My Sisters Women’s Welfare Association jobbar for dei fattigaste kvinnene i Etiopia og barna deira. PC-ane skal bli nytta på eit undervisingssenter for yrkesfag for unge, einslege mødre og til leksehjelp for barn og unge på My Sisters bibliotek.

Fattige jenter i Lima

U-landsforeningen Svalene driv ein kombinert vidaregåande og yrkesskule for fattige jenter i Lima, Peru. PC-ane skal brukast i undervisinga i data.

JOY Aserbadsjan driv dagsenter og individuell oppfølging av barn og familiar. På dagsenteret er det ein skule der funksjonshemma barn og unge skal lære å lese og skrive.

Holy Trinity Peace Village driv ein treårig førskule i Sør-Sudan der barna lærer å lese og skrive. Målet er no å starte ein vidaregåande skule der PC-ane skal brukast i undervisinga.