Bygger nye sykkelvegar for 26,6 millionar kroner

Hordaland fylkeskommune skal bygge nye gang- og sykkelvegar for 26,6 millionar kroner. Staten betalar halvparten av summen.

Dei nye gang- og sykkelvegane skal byggast i Fjell og Stord kommune. Staten har gjeve tilsagn om tilskot på 13,3 millionar kroner mot at fylkeskommunen betalar den andre halvparten.

Pengane går til gang- og sykkelveg langs Sartorvegen, fylkesveg 209 i Fjell kommune. Total kostnad 8,4 millionar kroner. Det andre prosjektet er gang- og sykkelveg langs Arefjordvegen, fylkesveg 209 i Fjell kommune. Total kostnad 11,52 millionar kroner. Det tredje tiltaket er gang- og sykkelveg langs Hystadvegen, fylkesveg 61 i Stord kommune til ein total kostnad av 4,5 millionar kroner. 

Prioritert

Hordaland fylkeskommune har prioritert desse gang- og sykkelvegane i samråd med Statens vegvesen. Satsinga er eit tiltak for at fleire skal kunne sykle i det daglege og såleis ha ein positiv innverknad på folkehelse og klima.

Fjell kommune inngjekk sykkelbyavtale våren 2018. Den nye gang- og sykkelvegen blir eit viktig bidrag i tilrettelegginga for mjuke trafikantar i utviklinga av Straume sentrum. 

Samanhengande sykkeltilbod 

I Stord kommune skal pengane nyttast til å ferdigstille siste del av Hystadvegen, som totalt er 900 meter lang. Stord kommune har tidlegare fått tildelt midlar til gang- og sykkelvegar, og no er det rom for å etablere eit samanhengande gang- og sykkeltilbod  på heile strekninga mellom Leirvik sentrum og Rommetveit. Dette vil gi trygg tilkomst til mellom anna skule og idrettsanlegg, og eit effektivt og berekraftig transportalternativ til regionsenteret Leirvik.