Bygger den lengste sykkeltunnelen i verda

Arbeidet med å bygge den lengste sykkeltunnelen i verda er i gang. Sprengingsarbeidet har starta i Fyllingsdalen. Den 2900 meter lange sykkeltunnelen skal gå parallelt med den nye bybanetunnelen. Gjennomslag er venta i november 2020.

Arbeidet med dei to tunnelane mellom Oasen og Kristianborg skal gå parallelt. Etter gjennomslaget starter utrustinga av dei to tunnelane i desember 2020. I februar 2022 blir bybanetunnelen med spor og den kombinerte gang- og sykkeltunnelen ferdig.

Sykkeltunnelen vil korte reiseavstanden frå Fyllingsdalen til Bergen sentrum med om lag 5,5 kilometer. Reisetida blir korta ned med om lag 20 minutt. I tillegg vil sykkeltunnelen fungere som rømmingstunnel for Bybanen. I dag må sykkelturen frå Fyllingsdalen gå via Melkeplassen eller via Bønes til Bergen sentrum.

BybaneN1000B4985.jpg

Sprenging av dei to parallelle tunnelane på 2900 meter, ein til Bybanen (t.v.) og ein til gang- og sykkelveg (t.h.), har starta ved Oasen i Fyllingsdalen. 

Opning årsskiftet 2022/2023 

Rundt årsskiftet 2022/2023 skal Bybanen mellom Bergen sentrum via Haukeland universitetssjukehus til Fyllingsdalen opnast for trafikk. Totalt blir strekninga om lag ni kilometer lang, der fem kilometer går i dagen og fire kilometer i tunnel.

Køyretida blir om lag 18 minutt. Den totale byggekostnaden er sett til 7,101 milliardar kroner, der ein million er avsett til kunst langs traseen.

BybaneN1000B5013.jpg

Her skal Bybanen ha endehaldeplass ved Oasen senter. Byggestart blir i mai. 

Sju haldeplassar, pluss to felles 

Det skal byggast sju haldeplassar, mens to haldeplassar blir felles med traséen Bergen sentrum til flyplassen. Desse to blir haldeplassane i Kaigaten og ved Nonneseter. I Fyllingsdalen blir endehaldeplassen ved Oasen. Der blir det byggestart i mai. Den skal vere ferdig i juni 2021. Ved Oasen kjem det ny kollektivterminal med byggestart i februar 2021. Den skal stå ferdig sommaren 2022.

I 2022 byrjar dei første bybanevognene å testkøyre strekninga, i underkant av eitt år før opning.

BybaneLungegardN1000.jpg

Slik blir traséen til Bybanen rundt Store Lungegårdsvann. (Skisse Bybanen utbygging)

Kjempestein frå istida

Under arbeidet med utgraving på Kristianborg, kom ein kjempestein frå istida til syne i det framtidige bybanesporet. Steinen var på 50 kubikkmeter, glattpolert og vog rundt 150 tonn. For 10 000 år sidan vart den ført med istida mot havet frå aust og stoppa ved foten av Løvstakken.

Den pensjonerte geologen ved Universitetet i Bergen, Øystein Jansen, var oppglødd over funnet. Til BA fortalde han at dette er den største steinen som istida har ført med seg, som han har sett.

BybaneSteinN1000.jpg

Den er glattpolert, 50 kubikkmeter stor og veg 150 tonn. Steinen frå istida låg midt i det framtidige bybanesporet ved Kristianborg. (foto: Rune Jenssen, Bybanen utbygging)

Polert gjennom tusener av år

– Steinen ser ut til å vere av granitt og er ganske glattpolert. Den har nok blitt slipt mot grus, sand og leira i underlaget (morenen) mens den vart frakta ganske mange mil frå isbreen lenger aust. Dette er naturens kunstverk. Steinen er fullendt i formen og polert gjennom tusener av år. Tenk deg den attraksjonen kjempesteinen kan bli, sa geolog Øystein Jansen til BA tidlegare i år.

Bybanen utbygging lurte på kva dei skulle gjere med steinen, men det var ingen som ville ha den. Den låg i vegen for bybanesporet og er no sprengt i stykker. Dette er ikkje den einaste kjende steinen frå istida i dette området. På Løvstakken finst det fleire relativt store steinar som ligg igjen etter at isen trekte seg attende, ut mot havet, for 10 000 år sidan.

BybaneKronstadN1000.jpg

Ved Kronstad skal Bybanen til Fyllingsdalen krysse under Bybanen til Flesland. Bybanespora blir kopla saman, slik at Bybanen kan gå på begge linjer. (Skisse Bybanen utbygging)

BybanenN1000B5068.jpg

Ved Kronstad er bygginga av Bybanetunnelen til Haukeland under bygging (t.h.). Tunnelen til venstre er den gamle jernbanetunnelen på Bergensbana. I dag går det godstog til Mindemyren der, men når Bybanen opnar, skal den bli gang- og sykkelveg til Møllendal.

BybaneN1000B5162.jpg

Bybanen til Fyllingsdalen skal ha stoppestad ved Busstasjonen like ved Bybanestoppet til Flesland. Ein del av godsterminalen skal bli brukt til det nye bybanestoppet. Her skal og dei to bybanespora koplast saman, slik at Bybanen til Fyllingsdalen får endestopp i Kaigaten.

BybaneBusstasjonN1000.jpg

Slik skal bybanestoppet ved Busstasjonen sjå ut. (Skisse Bybanen utbygging)