I fylkesutvalet vart det i tillegg fremja forslag om «Helseparken» og «Ulriken helsepark» som namn på bybanestoppet. Sigmund Framnes (FrP) fremja forslaget om «Helseparken», mens Tom Sverre Tomren (KrF) fremja forslaget om «Ulriken helsepark».
UIriken helsepark
Under avstemminga fekk «Helseparken» dei to stemmene til Framstegspartiet og fall. Deretter stemte dei to frå Frp subsidiert på forslaget om «Ulriken helsepark» saman med dei to frå Kristeleg Folkeparti og den eine frå Senterpartiet og ein frå Høgre. Det forslaget fekk dermed seks stemmer og fall. Dei ni som stemte for Haukeland sjukehus var dei fem frå Arbeidarpartiet, den eine til SV, den eine til V og to frå Høgre.
Sju nye stopp og tre tunnelar
Det var bybanestoppet ved Haukeland universitetssjukehus som skapte diskusjon i fylkesutvalet. Dei andre namna langs bybanestraseen frå Bergen sentrum til Fyllingsdalen vart vedteke i samsvar med tilrådinga frå fylkesrådmannen: Kaigaten, Nonneseter, Bystasjonen som tidlegare vedteke, vidare får dei nye stoppa namna Fløen, Haukeland sjukehus, Kronstad, Mindemyren, Kristianborg og Fyllingsdalen terminal. Dei tre tunnelane langs strekninga skal få namna Årstadtunnelen, Kronstadtunnelen og Fyllingsdalstunnelen.
Den nye bybanetraseen skal opne ved årsskiftet 2022/2023.