Bybanen passerte 100 millionar passasjerar

– Dette var ei hyggeleg overrasking, seier Anja Jansen Horn, passasjer nummer 100 millionar med Bybanen. Til lyden av trommevirvlar tok fylkesordførar Anne Gine Hestetun imot den lykkelege passasjeren, då ho steig på Bybanen på Sletten.

– Eg er svært nøgd med Bybanen og reiser med den kvar dag. Eg har seks månaders kort som gjekk ut i går, så i dag kjøpte eg 24 timars kort, seier Jansen Horn. Ho er yogalærar og gjekk på Bybanen litt før kl. 12 onsdag 20. november.

BybaneB5026N1000.jpg

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun gratulerer passasjer nummer 100 millionar, Anja Jansen Horn.

Det skjedde på Sletten

Dei tre trommeslagarne, Kjell Rune, Enna og Annie i Løvstakken Jægerkorps og fylkesordføraren, hadde følgt bybanevogn nummer 222 heile vegen mot by’n, og stod klare i det dei kom til å runde passasjer 100 millionar. På Sletten skjedde det. Bybanevogna var pynta med ballongar, og i det Anja Jansen Horn steig om bord, starta trommevirvlane. Fylkesordføraren gratulerte, overrekte blomster og eit gåvekort med gratis reiser med Skyss.

BybaneB4984N1000.jpg

Til tromminga til Enna (f.v.) Kjell Rune, og Annie i Løvstakken Jægerkorps kjem fylkesordførar Anne Gine Hestetun til feiringa av Bybanen i Byparken.

– Smak på det talet

Seks andre passasjerar i bybanevogna fekk og gratis reisekort med Skyss. Vel framme på endestoppet i Byparken tromma Kjell Rune, Enna og Annie passasjerane ut på den raude løparen, der det venta kake og drikke til alle.

– 100 millionar passasjerar. Smak på det talet. Det er ingen tvil om at Bybanen er ein suksess, helsa fylkesordførar Anne Gine Hestetun passasjerane og alle dei frammøtte.

BybaneB5080N1000.jpg

Gratis kake til alle. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun skjer opp og delar ut.

Overgår alt av planar, tankar og idéar 

– Dette reisetalet overgår alt av planar, tankar og idéar vi hadde i den spede byrjinga då vi diskuterte Bybanen. Eg hugsar alle dei politiske diskusjonane om at vi ikkje trudde på reisetala som vart lagt fram, men no slår vi dette så det står etter. Bybanen er ryggraden og berebjelka i kollektivtrafikken i Bergen. Eg sender stor takk til dåverande byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen som turte å stå løpet og hadde stayerevne til å realisere Bybanen, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

BybaneB5047N1000.jpg

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (f.v.), direktør i Bybanen AS, Adelheid Nes, fylkesdirektør for samferdsel, Håkon Rasmussen og direktør i Skyss, Målfrid Sønstabø, heidrar passasjer nummer 100 millionar, Anja Jansen Hoff.

Kraftig auke

Bybanen vart opna i 2010, først til Nesttun, i 2013 til Lagunen, 2016 til Birkelandsskiftet og i 2017 til Flesland. Strekninga til Haukeland Universitetssjukehus og Fyllingsdalen skal opne årsskiftet 2022/23. Deretter står Åsane for tur.

Talet på reisande har over åra auka kraftig. Det første året reiste rundt 20 000 pr dag. I haust er talet oppe i 55 000 daglege reisande. Passasjerane blir med jamne mellomrom spurd om kva dei synest om Bybanen. Og svaret er at dei aller, aller fleste er godt nøgde.

BybaneB4974N1000.jpg

Bybanevogn 222 med passasjer nummer 100 millionar kjem til endestogget i Byparken.