Brukar 18 mill. kr til å ta vare på freda kulturminne

Utval for kultur, idrett og regional utvikling har løyvd 18 millionar kroner i tilskot til å ta vare på freda kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige. Den største løyvinga går til Havråtunet med 2,2 millionar kroner.

Andre som får tilskot er Reperbanen på Fjøsanger med 900 000 kroner, Kronstad hovedgård 700 000 kroner, Lyngheisenteret med 600 000 kroner og ein million kroner til Bergen barneasyl i år og 750 000 kroner neste år. 

48 søkjarar 

Totalt får 46 tiltak pengar. Det var 48 søkjarar med ein total søknadssum på 27,5 millionar kroner. Noka av tildelingane er for i år, og noka er førehandstildeling for neste år.

Pengane som er fordelt, er løyvd over statsbudsjettet. Dei skal i hovudsak gå til til freda bygningar og anlegg i privat eige. I tillegg kan freda og spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten, samt freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap få tilskot. 

Hindre tap 

Målet med tildelingane er å hindre tap av kulturminne og kulturmiljø, og ta vare på kulturminna som bruksressurar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. 

Desse får tilskot (pdf)