Bokbåttenesta fyller 60 år

Bokbåten fyller 60 år 21. september. I 1959 byrja bokbåtenesta i Hordaland, først «Abdulla» og så «Epos» sidan 1963.

Måndag 21. september 1959 fekk stortingsrepresentant Aagot Borge æra av å døype om båten Abdulla til Bokbåten. Dermed var ei særeiga bibliotekteneste i drift på Vestlandet. Hendinga fann stad i Bergen. Dei første åra var det kommunar i Hordaland som fekk gleda av den nye og populære tenesta. 34 av dei 56 kommunane i fylket fekk besøk, og i ikkje mindre enn 173 bygder og småstader la bokbåten til kai dei første åra.

Ny båt 

I 1963 byrja ei ny æra i bokbåttenesta si historie. Den spesialbygde båten Epos vart sett i teneste i Hordaland, og året etter vart bokbåttenesta utvida til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Utlånet av bøker var så stort at det var umogleg å forsyne lesehungrige i alle dei tre fylka med nok bøker. Midlar frå Kulturfondet til ei basissamling vart løysinga i første omgang, før ein i 1974 delte boksamlinga og drifta heldt fram kvar for seg i dei tre fylka.

Kulturprogram 

Det var ikkje berre boksamlinga som var populær. Kulturprogramma, som ganske snart kom i gang, fekk også eit stort publikum. Film, musikk og ikkje minst foredrag i god gamal opplysingsånd, var noko av det bokbåten kunne by på, i tillegg til eventyrstunder og filmframvising for barn.

Det har vore markante skifte for kva som har vore gangbart som kulturprogram. På 70-talet forsvann foredragshaldarane ut til fordel for visesongarane. Seinare er det familie- og barneprogram som har vore dominerande sjanger, med nokre musikkveldar og forfattarbesøk for vaksne i tillegg. Kombinasjonen av kulturprogram og utlån av bøker er ein suksessfaktor som har halde seg godt fram til våre dagar.

Populær

Bokbåttenesta har alltid vore eit populært innslag i lokale og regionale media. Epos figurerer også med jamne mellomrom i riksmedia. Kvart år er det førespurnader frå media i utlandet om å kome om bord eller få tilsendt tekst og bilete om tenesta. Trass i popularitet og entusiasme blant brukarar og vener går båten denne hausten berre i Hordaland fylke, administrert og finansiert av Hordaland fylkeskommune.

Over 50 stader i 21 kommunar 

Tenesta har gjennom åra tilpassa seg endra busetjing, infra-  og folkebibliotekstruktur. No vitjar båten småstader der det ikkje er eit etablert bibliotek, og der det er skular som ofte ikkje har eit tilfredsstillande bibliotektilbod. Over 50 stader i 21 kommunar får besøk av båten. Årleg er det i underkant av 5000 besøkande om bord, og med eit utlån på litt under 10 000 er tenesta framleis populær dei seks vekene i året båten er på reis rundt i fylket.

Ny turne 5. november

Når bokbåten legg frå kai i Bergen tysdag 5. november, går tenesta inn i sitt 61 år.