Bokbåten på vårtur i Hordaland

Bokbåten Epos startar vårturen i Hordaland tysdag 5. mars på Strøno i Os kl. 09.00. I alt skal Epos innom 50 stader. Siste stopp blir i Hjellevåg på Osterøy 27. mars kl. 11.30.

I snart 60 år har bokbåten spreidd glede, inspirasjon, kunnskap og kultur. Den første turen gjekk i september 1959. Bokbåten har alltid vore godt besøkt og hatt stort utlån. Statistikken for 2018 stadfestar den gode oppslutninga. Både kulturprogramma og utlån av bøker hadde auke frå året før. Utlånet auka frå 9400 i 2017 til 9785 i 2018, og 4510 menneskje fekk med seg kulturprogramma i fjor mot 4324 året før.

Bokbåten Epos kjem først til den søre delen av fylket. Her skal båten innom 27 stoppestader. Turen nordover i fylket har 23 stopp, og startar måndag 18. mars i Skogsvåg.

Kulturprogram

I tillegg til nye bøker og inspirerande lesetips, har båten med seg eige kulturprogram. På sørturen får vi møte Sofie og Elena frå Sverige og Italia som leikar med det verbale og det musikalske språket. I programmet finn vi musikk som er stille og musikk som har sterke kjensler. Nord møter sør, mørkre møter ljos, og dei viser korleis musikken kan skape venskap og føre folk saman.

Barna på nordturen får eit innblikk i norrøne og greske gudesegner med forteljar Marianne Stenerud og filosof Ingunaya Myhre. Programmet skal inspirere til undring og fantasi.

Populærmusikk

Det vert òg kulturelt påfyll for vaksne på båten: På Lunde kjem duoen Schlager og Kanari med populærmusikk frå 30- til 60-talet. Og på Glesvær får vi høyre Smooth Operators spele Bob Dylan.

Fylkesbiblioteket i Hordaland får mange gode tilbakemeldingar på tilbodet til bokbåten. Det er eit av dei mest folkekjære kulturtiltaka i fylket. Både foreldre og besteforeldre kjem med utsegn som «eg hugsar så godt då bokbåten kom då vi var små, vi gledde oss i vekesvis». Når bokbåten legg til kai, kjem barna springande, fulle av forventing. Kulturprogramma har og hausta mange godord for den høge kvaliteten.

Bokåret 2019

Det er mykje å sjå fram til når bokbåten legg ut på vårturen. Bokåret 2019 er i gang, og overraskande program kan dukke opp undervegs. Velkomne om bord!

Hordaland fylkeskommune finansierer bokbåten i Hordaland. Drifta blir organisert i samarbeid med Lindås bibliotek.

Meir informasjon om bokbåten

 Båten kan også følgjast på Facebook.