Bokbåten er 60 og reiser på turne i Hordaland

Bokbåten Epos er på turné i Hordaland i tida 5. til 27. november. Bokbåten har akkurat fylt 60 år og skal legge til kai på 54 stader dei komande tre vekene.

Haustturen går først mot sør, og startar på Strøno 5. november, og endar opp i Kolbeinsvik 15. november. Nina Næsheim har med seg eit magisk skrin som ho har arva av morfaren sin. Han var sjømann og reiste rundt på dei sju hav, og det magiske skrinet hadde han med seg heim ein gong for lenge sidan. Det gamle skrinet inneheld små ting med eventyr frå fjernt og nært. I framsyninga får publikum både høyre eventyr og fortelingar frå røynda. Nina har også med seg gitaren og inviterer tilhøyrarane med til å syngje.

Skummel musikk 

Første stopp på nordturen vert Forlandsvåg, 18. november. Her får publikum møte Sindre Sortland. Han likar skummel musikk, men er det musikken som er skummel? Eller blir musikken skummel saman med ei historie? Vi veit at ein film kan bli skumlare med skummel musikk, men kan musikk som ikkje er skummel bli det med den rette historia? 

Alt dette lurar Sindre på. Derfor vil han leite etter komponistane sine skumle triks, med god hjelp av gitar og andre instrument. Til slutt i konserten speler Sindre den skumlaste musikken han kan, nesten utan å bli redd, og som publikum må bruke sin eigen fantasi til å lage ei historie til.

Begge programma høver for barn frå 5 år og oppover.

4000 besøk i fjor

Det er alltid stas når bokbåten legg til kai. Personalet om bord vert aldri lei av å ta imot både små og store som kjem på båten fylde av forventing. I fjor hadde Epos like under 4000 besøk i Hordaland.

Hordaland fylkeskommune finansierer bokbåten i Hordaland. Drifta blir organisert i samarbeid med Lindås bibliotek.