Billegare for mange å reise kollektivt

– Kollektivtrafikk er ein av våre viktigaste saker, og pris har mykje å seie for å få fleire til å reise kollektivt, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at mange av billettprisane blir lågare, og fleire barn får reise gratis.

Dei nye prisane for kollektivtrafikken er no klare etter vedtak i fylkestinget. Dei skal gjelde frå 1. februar. Periodebillettar blir rimelegare. Til dømes vil prisen på 30-dagarsbillett for vaksen (ei sone) gå ned frå 810 til 780 kroner. Aldersgrensa for barn på buss og bybane blir endra slik at barn får reise gratis til dei fyller 6 år, og reiser med barnebillett heilt til dei fyllar 18 år.

Skritt i rett retning

– Det blir billegare og enklare å reise kollektivt. Dette er eit viktig skritt i rett retning som får betydning både for folk og klima. Som fylkesordførar er eg oppteken av at fylkeskommunen gjer sin del av jobben for å redusere klimagassutsleppa. Skal vi løyse klimautfordringa, må vi som politikarar legge til rette for at folk kan leve og reise meir miljøvenleg, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Enkeltbilletten aukar med 1 krone for vaksen (ei sone), frå 37 til 38 kroner. Men med rimelegare periodebillettar blir det endå gunstigare enn før for dei som reiser ofte.

Dette er dei viktigaste endringane:

Buss, bybane og Askøyruta

  • Billegare periodebillettar for vaksen, honnør og student
  • Gratis for barn til og med 5 år (tidlegare 3 år)
  • Barnebillett gjeld til og med 17 år (tidlegare 15 år)
  • Inga endring i prisen på periodebillettar for barn
  • Inga endring i prisen på ungdomsbillett
  • Enkeltbillett vaksen (1 sone) aukar med 1 krone
  • Gratis å ta med sykkel på Askøyruta, så langt plassen tillet det

Båt 

  • Gratis å ta med sykkel på båt, så langt plassen tillet det
  • Prisane på båt aukar i gjennomsnitt med 2,7 prosent

Prisoversikt (1 sone) for buss/bybane/Askøyruta 

Billettype                                                               

Pris 2018  

Pris 2019 

Enkeltbillett vaksen   (kjøpt på førehand)

37

38

Enkeltbillett barn/honnør (kjøpt på førehand)

19

19

Enkeltbillett vaksen   (kjøpt om bord)

60

60

Enkeltbillett  barn/honnør (kjøpt om bord)

30

30

7-dagarsbillett vaksen

255

245

7-dagarsbillett barn

115

115

7-dagarsbillett honnør

130

125

7-dagarsbillett student

155

145

30-dagarsbillett vaksen

810

780

30-dagarsbillett barn

365

365

30-dagarsbillett honnør

405

390

30-dagarsbillett   student

485

460

30-dagars   ungdomsbillett

365

365

180-dagarsbillett   vaksen

4050

3900

180-dagarsbillett barn

1835

1835

180-dagarsbillett   honnør

2025

1950

180-dagarsbillett   student

2430

2340

24-timarsbillett vaksen

95

100

24-timarsbillett   barn/honnør

50

50

Alle prisar i kroner