Besteforeldre vann miljøpris

«Besteforeldrenes klimaaksjon» får Hordaland fylkeskommune sin miljøpris. Dei får prisen for for si tydelege stemme i klimakampen på tvers av generasjonar. Prisen på 50 000 kroner blei delt ut på fylkestinget tirsdag.

– Dette er ei verdig vinnar. Dei sloss for både barnebarn og fellessakpet på tvers av generasjonar og gjer et framifrå arbeid, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då ho delte ut «Miljøprisen for Hordaland» på fylkestinget.

Vil ikkje la barnebarna rydde opp      

– Vi takker så mykje for denne oppmuntringa. Det betyr mykje for vårt arbeid i Besteforeldrenes klimaaksjon. Vi vil ikkje overlate til våre barnebarn å rydde opp, men sørge for at vi bidreg til solidariske verdiar i deira liv, seier Thelma Kraft, styreleiar Besteforeldrenes klimaaksjon som tok i mot prisen på vegne av organisasjonen.

I si takketale sa ho at dei vil fortsette å inspirere, men også overbevise og presse myndighetene til en politikk som reduserer klimautslippene til et nivå som er forenelig med et varig trygt liv på kloden.

Dialog mellom generasjonar

I si grunngjeving for prisen, legg Hordaland fylkeskommune vekt på at «Besteforeldrenes klimaaksjon» engasjerer befolkninga til å ta ansvar for miljøet. Dette skjer gjennom arbeidet med å endre åtferd og haldningar, med konkrete miljøsaker og ved å ta del i markeringar, debatt og politiske val, både lokalt og på landsbasis.

Hordaland fylkeskommune framhevar at Besteforeldrenes klimaaksjon har ei spesiell og viktig oppgåve i å bidra til dialog mellom generasjonane. Denne oppgåva blir viktigare jo tydelegare og meir alvorlig klimautfordringa blir. Prisvinnaren har vore ein fast og trofast aktør i det lokale klimaarbeidet. Dei haustar sympati og tilslutning langt utanfor sine eigne rekker.

Starta på Stord

Besteforeldreaksjonen blei starta i 2006 etter initiativ fra høgskulebibliotekar Halfdan Wiik på Stord. Dei markerte seg tidlig gjennom flere opprop med støtte fra kjente besteforeldre innan politikk, kulturliv og kyrkja. Fram til sommaren 2012 var det eit nettverk knytt til «Framtiden i våre hender». Men frå 2012 til i dag har dei vore ein vanleg medlemsorganisasjon retta mot besteforeldre.

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris skal vere til heider for einskildpersonar, lag og verksemder som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeid i året som gjekk. Prisen famnar breitt. Tidlegare har arbeid for å verne om livet i vatn og på land, aksjonsgrupper og gode miljøtekniske løysingar vore vinnarar. Det er utval for miljø og samferdsel (MISA) som har ansvaret for å finne ut kven som skal vinne miljøprisen.