Bassist vann Vossajazz-prisen

På laurdag blei Vossajazz-prisen på 50.000 kroner delt ut til bassisten Anders Bitustøyl.

Prisutdelar på scene var Beate Husa, leiar for utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune.

Dette er juryen si grunngjeving:
"Årets prisvinnar er ein musikar som kryssar sjangrar med solid bassgang og har ei allsidig og imponerande liste over produksjonar, utgjevingar og konstellasjoner. Prisvinnaren er særs hardtarbeidande og er ei er viktig drivkraft i musikkmiljøet i fylket og innan fleire sjangar: folkemusikk, reggae, pop, blues og jazz står på menyen til denne dyktige musikaren."

Hordaland fylkeskommune bidreg med pengane og juryen består av fagfolk frå jazzmiljøet i fylket. I tillegg til prispengane får Bitustøyl eit trykk av årets Vossajazz-plakat, som i 2019 er laga av festivalkunstnar Tor-Arne Moen. Den 32. Vossajazz-prisen blei tradisjon tru delt ut før årets tingingsverk skulle framførast i Vossasalen. Vossa Jazz-prisen er gjennom åra delt ut til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen. Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.

Den bergensbaserte bassisten Anders Bitustøyl står sjeldan i fremst på scena, men er til gjengjeld med i særdeles mange band og konstellasjonar. Han speler m.a. med Sigrid Moldestad, Transjoik, Bjørn Tomren, Karin Park, Øyvind Skarbø, Stein Urheim, Ylvis, Mads Berven, Mari Boine og Jørgen Sandviks Permanent Vacation.