Barn og unge får stadig betre tannhelse, men bekymringsmeldingane aukar

Det står svært bra til med tennene til barn og unge i Hordaland. Men samtidig sender tannhelsetenesta fleire bekymringsmeldingar til barnevernet.

Tannhelsedata for 2018 stadfestar den utviklinga som har vore i mange år, nemleg at fleire barn og unge har «null hol». Og dei som har hol i tennene, har færre tenner med hol eller fylling i.

Effektivt tiltak i Sentrum tannhelsedistrikt

Sentrum tannhelsedistrikt - som inkluderer Bergen sentrum samt sør-austlege delar av Bergen og kommunane Os, Fusa og Austevoll – har dei beste tala for tannhelse i Hordaland.

– I Sentrum tannhelsedistrikt har dei på eige initiativ gjort tiltak som går ut på å tilby behandlingsmåten fissurforsegling. Det er å legge eit tynt lag med flytande plast over tyggeflatene på dei varige jekslane. Då blir det lettare å halde tennene reine, og det er godt dokumentert at ei slik behandling førebyggjer hol, fortel fylkestannlege Arne Åsan. Dette er ei behandling som skal innførast for heile fylket frå og med 2020.

Arne Åsan.jpg

– Fissurforsegling er ei behandling som ein tannpleiar kan gjere. Stadig betre tannhelse hos barn og unge inneber at den fylkeskommunale tannhelsetenesta alt no treng færre tannlegar og fleire tannpleiarar, seier Åsan.

"Karies i sør"

Den dårlegaste tannhelsa blant barn og unge i Hordaland har Sør tannhelsedistrikt.

– Men, påpekar fylkestannlegen, det er inga krise og det går betre der òg. For å sjå på aktuelle grunnar til dette – og for å finna aktuelle tiltak – har tannhelsetenesta sitt kompetansesenter gjort ei kartlegging og undersøking kalla «Karies i sør». Tiltak er innført, og målet er at Sør tannhelsedistrikt skal ha same gode tannhelsa som resten av fylket, påpeikar Åsan.

Regional og prosentvis oversikt over kor mange som har "null hol":

tannhelsetall.JPG

 

"Null hol" dei siste tre åra:

tannhelse null hull.JPG

 

Fleire bekymringsmeldingar til barnevernet

Alle barn og unge frå 3 til 20 år blir regelmessig kalla inn til den fylkeskommunale tannhelsetenesta. Tannhelsetenesta får difor eit godt og nært kjennskap til alle i desse årskulla, og har såleis ein unik sjanse til å kunne oppdage omsorgssvikt eller mishandling av barn. I 2018 melde tannhelsepersonell i Hordaland inn 82 bekymringsmeldingar til barnevernet. De er 60 fleire enn i 2011.  

I 2018 kom det ein ny paragraf i Lov om tannhelsetjenesten (§ 1-3c) som pålegg fylkeskommunen å ha særleg merksemd på at tannhelsetenesta blir i stand til å førebygge, avdekke og avverje vald og seksuelle overgrep.

Ingfrid Vaksdal Brattabø, som er tilknytta tannhelsetenesta sitt kompetansesenter, tok i april 2018 doktorgrad på nettopp samhandling mellom tannhelsetenesta og barnevernet. 

– Både dette doktorgradsarbeidet og lovendringa har medverka til ekstra fokus og kompetanse hos tannhelsepersonell i dette viktige temaet, seier Åsan.

Regional oversikt over bekymringsmeldingar:

tannhelse bekymring.JPG

 

3-åringar med tannråte

Tannhelse er knytt tett opp mot sosioøkonomiske faktorar, og er ein sikker sosial indikator. Tannhelsedata for 2018 viser at om lag 5 prosent av 3-åringane i Hordaland har alt fått tannråte.

– Desse må både vi og andre delar av helse- og støttetenesta følgje ekstra nøye med på, seier fylkestannlege Åsan.

– Vi som arbeider i tannhelsetenesta, veit at tannråte i så ung alder viser at ikkje alt er som det skal vera. Desse barna har ofte fleire utfordringar enn berre tannhelsa, og vi veit og at dei samla utfordringane i ung alder vil ofte prege dei vidare i livet, både som ungdomar og som vaksne.

Betring også hos dei med dårlegast tannhelse

Tannhelsedata er gjennomsnittstal, og gjennomsnittstal kan lett skjule heile sanninga. Tannhelsetenesta bruker derfor eit eige måletal - SIC-indeks – som måler tannhelsa til den tredjedelen av barn og unge som det står dårlegast til med.

– Det er svært gledeleg at også denne SIC-indeksen viser betring dei siste åra, seier fylkestannlege Åsan. Tannhelsa blir altså betre også for dei som i utgangspunktet har den dårlegaste tannhelsa.

Tal hol hos den tredjedelen av barn og unge som det står dårlegast til med:

tannhelse Sic-index.JPG

 

Dei friske skal òg teljast med

Helsedirektoratet har frå 2019 innført nye nasjonale retningslinjer for tannhelsetilbodet til barn og unge, kalla TannBarn. Mellom anna skal det no rapporterast tannhelsedata på fleire årskull enn før (3-, 5-, 12-, 15- og 18-åringar), og det er vidare slik at alle som er fødde i desse årskulla, skal kallast inn til tannhelseundersøking det aktuelle året.

– Då vil vi få meir nøyaktige og betre tall på korleis det står til med tannhelsa. Vi kjem truleg til å få enda betre resultat, fordi vi i større grad vil fange opp dei som har friske tenner og som tidlegare ikkje blei innkalla kvart år til undersøking, seier Arne Åsan.