Askøy skal få flott, ny vidaregåande skule

– Det blir ein flott skule med veldig fint uteområde, seier eigedomsdirektør Jostein Fjærestad om den nye vidaregåande skulen Hordaland fylkeskommune skal bygge på Askøy.

– Etter planen blir det byggestart sommaren 2020. I 2023 skal den nye skulen stå ferdig til bruk. Den blir på 15 000 kvadratmeter og skal ha 970 elevar, opplyser Fjærestad.

Hordaland fylkeskommune har inngått kontrakt for samspelfase og opsjon for bygging med Constructa Entreprenør AS i samarbeid med hlm, Multiconsult og Smedsvig. Dei har gjeve eit tilbod på bygging av skulen på ca 555 millionar kroner. Den nye skulen skal byggast i Myrane-området, rett nord for Kleppestø, der den noverande skulen er. 

Godt samarbeid med kommunen 

– Vi har samarbeid med Askøy kommune. Dei skal bygge idrettshall som våre elevar skal bruke. Og vi bygger lokale for Askøy voksenopplæring og ein kulturdel med scene og sal med plass til over 300 personar. Kultursalen skal Askøy kommune og Askøy videregående skole dele på å bruke, seier Fjærestad.

– Den nye skulen blir eit løft for elevane, lærarane og alle som bur på Askøy med kulturfunksjon og idrettshall. Vi har avtale med Askøy kommune om bruk av kultursalen, idrettshallen og lokala til vaksenopplæringa.

AskoyVGSN1000B1.jpg

Det blir fint uterområde ved den nye skulen.

Ny idrettshall 

Askøy videregående skole er i dag på 10 000 kvadratmeter. Yrkesfagbygningen på 5000 kvadratmeter skal rivast, mens teoribygningen skal renoverast. Askøy kommune skal rive den noverande idrettshallen. Ny idrettshall blir bygd på tomta der yrkesfagsbygningen står i dag. Den nye vidaregåande skulen får to nye bygningar, ein til teori og ein til yrkesfag.

60 samspelmøte 

Samspelfasen mellom utbyggar, brukarane, Askøy kommune og Hordaland har starta. I alt skal det vere 60 ulike møte fram til utgangen av juni. Over ferien held samspelfasen fram med dei ulike fagfelta innan bygging av skulen.

– Vi har samspelfase for å optimalisere designet etter behovet til brukarane og fylkeskommunen. Ofte blir det mindre justeringar i samspelfasen når arkitekt og brukarar snakkar saman for å finne dei beste løysingane, seier Fjærestad.

AskoyVGSN1000B03.jpg

Interiør i den nye skulen.

Vedtak på fylkestinget i mars 2020 

Samspelfasen skal vere ferdig i mars 2020 då Hordaland fylkesting skal ta stilling til kontrakt for bygging av skulen. Planlagt byggestart skal skje neste sommar. I 2022 skal alle nye bygningar stå ferdig. Då flytter elevar og tilsette ut av den gamle skulebygningen og inn i den nye. Den gamle bygningen blir deretter modernisert og skal stå ferdig til skulestart i august 2023.

– Det var svært tett konkurranse om oppdraget. Vi hadde fire gode tilbydarar der Constructa trekte det lengste strået, seier eigedomsdirektør Jostein Fjærestad i Hordaland fylkeskommune. 

Utdanningsprogramma 

Den nye skulen skal ha fem utdanningsprogram: Bygg og anlegg, elektrofag, helse og oppvekst, teknikk og industriell produksjon (TIP) og studiespesialisering. I tillegg har skulen tilbod for tilrettelagt opplæring, ein internasjonal klasse, vg2, i elektrofag og ein klasse på studiespesialisering, eitt skuleår, i Tyskland.