Rutetilbod på fylkesvegferjene er utsett

Fylkesutvalet vedtok i dag å utsetje behandlinga knytt til rutetilbodet på fylkesvegferjene frå 2020. Politikarane vil ha eit oversyn som viser meirkostnad og miljøkonsekvensar dersom dagens rutetilbod ikkje skal kuttast i.

Som følgje av at fylkesvegsambanda i Hordland vert drifta av elektriske ferjer frå 2020, er det på fleirtalet av kaiene lagt opp til lengre liggjetid for å sikre tilstrekkeleg ladetid. Dette har skapt reaksjonar frå reisande og spesielt frå pendlarar i Sunnhordland.

Skyss har hatt ny dialog med kommunane og presenterte på møtet i fylkesutvalet i dag eit justert rutetilbod kor mellom anna nye innspel frå kommunane vart tatt omsyn til.

Biodrivstoff i tillegg til elektrisk

For å kunne auke frekvensen på ferjesambanda må ferjene nytte biodrivstoff på nokre avgangar, fordi det ikkje er tilstrekkeleg tid til lading. Dette gir ei meirkostnad som fylkeskommunen må betale operatørane for. Biodrivstoff er ikkje så klimavennleg som elektrisk drift. Men til tross for bruk av biodrivstoff på nokre avgangar, vil CO2-utsleppa på fylkesvegferjene bli redusert med 90 prosent frå 2020. Overgangen til klimavennlege ferjer inneber òg ei betydeleg fornying av ferjeflåta ved at gjennomsnittsalderen vert redusert frå 30 til 5 år.

Skyss skal arbeide vidare med sine berekningar og sjå kva kostnadene blir for å oppretthalde dagens rutetilbod. Fylkesutvalet får det som sak til neste møte 19. september.

Målfrid Skyss miniseniar om ferger

Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss, presenterte eit justert rutetilbod på fylkesutvalsmøtet fredag.