206 arrangement på 206 ulike stader skal gi leseglede

Fylkesbiblioteket i Hordaland har fått tildelt 800 000 kr frå Nasjonalbiblioteket for å lage 206 arrangement på 206 ulike stader i 32 kommunar i fylket, i samband med Bokåret 2019.

I år er det 500 år sidan den første norske boka blei trykt. For å feire denne historisk viktige hendinga har Nasjonalbiblioteket tatt initiativet til ei stor nasjonal markering, nemleg Bokåret 2019, som skal markerast i heile landet med 1500 arrangement i 500 bibliotek.

Alle folkebiblioteka i Hordaland skal vere med på å markere Bokåret 2019. I tillegg til dei stasjonære biblioteka vil bokbåten Epos og dei fire kommunale bokbussane ha med seg gode arrangement til kvar kring og krok i fylket. Bergen kommune har òg fått 800 000 kr for markeringa i Bergen.

Oppdage nye favorittar

Målet med Bokåret 2019 er å spreie leseglede og interesse for litteratur til publikum i alle aldrar.

- Det kjem til å bli stor variasjon i arrangementa vi tilbyr til både born, ungdom og vaksne. Målet er at alle skal kunne finne eit arrangement som interesserer dei. I Bokåret 2019 sender vi ut mange av dei mest kjende og populære forfattarane i landet til biblioteka i Hordaland slik at publikum kan få møte favorittforfattarane sine på sitt lokale biblioteket.  I Bokåret 2019 skal ein bli endå betre kjent med litteraturen ein allereie er glad i og oppdage nye litterære favorittar, seier Ruth Ørnholt, fylkesbibliotesjef  i Hordaland.

Program kjem etter kvart

Programmet for Bokåret 2019 er under planlegging. Nettstadane til fylkesbiblioteket på hordaland.no og til dei dei lokale biblioteka vil kontinuerleg bli oppdaterte med litteraturarrangementa som kjem i løpet av året.