65 framsyningar i kulturell skulesekk

Skulane i Hordaland får 65 framsyningar i den kulturelle skulesekken neste skuleår. Dette gjeld alle vidaregåande skular i fylket, og grunnskular utanom Bergen. Bergen kommune har eigne framsyningar for grunnskulen.

For skuleåret 2019-2020 fekk Hordaland fylkeskommune tilbod om totalt 390 produksjonar.

Produksjonane er vurderte av faggrupper. Det endelege programmet er sett saman med omsyn til variasjon i uttrykk og formidling til alle skuleelevane. Eit ungdomsprogramråd med representantar frå Ungdommens fylkesutval har valt ut fire av produksjonane, to til grunnskulen og to til vidaregåande skule.

Tyssedal

Valet til ungdommen omfattar ein film med rekonstruksjon av Utøya og eit prosjekt om korleis lage film på ein-to-tre. Innan kulturarv har ungdommane valt ut eit prosjekt om Norsk Vasskraft- og industristadmuseet i Tyssedal «-kraft eller natur?» og innan litteratur om «kven som drepte Birgitte Tengs?».

Årleg får elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen oppleve eit mangfald av kunst- og kulturproduksjonar gjennom Hordaland fylkeskommune sitt program for Den kulturelle skulesekken. Programmet omfattar breidda av uttrykk, frå scenekunst, visuell kunst, litteratur og musikk, til film og kulturarv. Produksjonane har solid kunstnarleg kvalitet og blir formidla på forskjellige arenaer og måtar.  Oppleving og medverknad frå elevane er sentralt.

Fagleg råd

Hordaland fylkeskommune sitt faglege råd for Den kulturelle skulesekken er delegert mynde til årleg å vedta kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen.