60 000 single bananar på biblioteksturné

Kva har einsame bananar med folkebiblioteket å gjere, spør du? Dei er med i matreddar Mette Nygård Havre sin foredragsturné, der merksemd om matsvinn skal få deg til å bli ein betre forbrukar.

Kvar dag blir det kasta 60 000 bananar i Norge. Berre fordi folk flest vil kjøpe ei klase med bananar og ikkje single bananar. Kvar og ein av oss kastar også i snitt åtte kg med klede og tekstilar kvart år. Det vil Mette Nygård Havre, leiar av folkerørsla «Spis opp maten» og selskapet Grønne verdier, gjere noko med.

Mette har fått masse merksemd etter at ho fekk matindustrien til å endre datomerkinga frå «Best før» til «Best før, men ikkje dårleg etter».

– Biblioteka samlar familiar

No kjem Mette på turné til biblioteka i Hordaland. Ho vil motivere alle til å bli meir medvetne forbrukarar. Ho vil vise korleis små og store tiltak i kvardagen kan føre til gode endringar. Ho vil og kome inn på det store bilete og vise korleis våre eigne handlingar kan vere viktige for det globale klima, og for å nå FN sitt berekraftsmål. I 2018 fekk ho Hordaland fylkeskommune sin miljøpris, ein av fleier prisar ho har vunne i det siste.

miljøvinnere 2018.jpg

Mette Nygård havre (til høgre), vann i fjor Hordalands miljøpris samam med Kristine Ullaland for engasjement rundt matsvinn.

– Kvifor biblioteksturné?

– Hordaland fylkeskommune har funne ut at biblioteka kan samle heile familien, og dei er difor ein ideell arena for ein klimaturné. Vi er og vande med å få lærdom på biblioteket, så det passar meg bra. Eg har lyst å gå ut og treffe folk, seier Mette Nygård Havre.

Det er ei lang liste med 17 stoppestader ho skal gjennom i vår.

– Det blir litt av ei reise! Men det er viktig at vi kjem ut til dei små plassane. Det er det fine med ein biblioteksturné. Eg håper at folk vil fortelje og kome med innspel til gode tips som eg kan ta med vidare.

– Og kva gjer ein med ein singel banan?

– Tenk, det blir kasta 60 000 bananer i Norge – kvar dag! Når eg fortel dette, elskar ungane det. Dei gå rett ut og kjøper ein singel banan, og nokre sender meg bilete av det. Det viser meg den påverknaden det har, påpekar ho.

Tilskot frå klimaplanen

Klimaturneen er blitt til på bakgrunn av at fylkesbiblioteket har fått tilskot frå «Klimaplan for Hordaland 2014-2020» under tiltak 1.9 i Handlingsplanen: «Folkebiblioteket som pådrivar for ein grønare kvardag». Målet er at alle folkebibliotek skal få tilbod om utstilling, foredrag og debattopplegg.

– Mette sitt opplegg med «Spis opp maten» kombiner med eit breiare fokus på forbruk, passer godt inn under tema i klimaplanen, samstundes som det er eit tema med brei appell og som det er relevant for folkebiblioteka å ta opp. Mette har etablert seg som ein aktiv og synleg formidlar på dette området, og vi trur innbyggjarar i fylket vil vere interesserte i dette, seier Elin Golten som er seniorrådgjevar ved fylkesbiblioteket.

Her kjem turneen 

Turneen tjuvstarta 7. november i Eidsfjord og skal gå til 16 folkebibliotek i fylket frå januar til april i år:

  • Voss bibliotek 29. januar kl. 19
  • Fitjar folkebibliotek 11. februar kl. 09
  • Stord folkebibliotek 11. februar kl. 19
  • Samnanger bibliotek 12. februar kl. 19
  • Fusa folkebibliotek 14. februar kl. 19
  • Odda bibliotek 19. februar kl. 19
  • Sveio folkebibliotek 21. februar kl. 18
  • Radøy bibliotek 11. mars kl. 20
  • Kvinnherad bibliotek 12. mars kl. 17
  • Lindås bibliotek - på Knarvik bibliotek 14. mars kl. 19
  • Austevoll folkebibliotek 26. mars kl. 18
  • Sund folkebibliotek 2. april kl. 19
  • Øygarden bibliotek 3. april kl. 19
  • Fjell folkeboksamling 4. april kl. 19
  • Kinsarvik bibliotek 9. april kl. ??
  • Tysnes folkebibliotek 10. april kl. 18
  • Bømlo folkebibliotek tid er ikkje klart

Foredraga vil vare i om lag 45 minutt. Deretter blir det lagt opp til spørsmål/svar og samtale.