42 mill. kr skal gjere skulevegar tryggare

Utval for miljø og samferdsel i Hordaland har løyvt 42 millionar kroner til ulike tiltak som skal gjere skulevegar i Hordaland tryggare. I alt blir pengane fordelt på 29 tiltak i 20 kommunar.

Summen til dei ulike tiltaka varierer frå 60 000 kroner til fem millionar. Pengane går til trygg skuleveg, Hjertesone, som er tiltak rundt skulane, og til punktutbetring. 

23 kommunar i fylket har søkt om 113 millionar kroner i tilskot til desse utbetringane til ein total kostnad av 132 millionar kroner. Flest søknader går på utbetring av skuleveg. Dette går på etablering og opprusting av gangfelt, lys, fortau og gang- og sykkelvegar. Det er og fleire søknader om punktutbetring. Dette går på utviding av breidde, betre sikt og etablering og opprusting av rekkverk og støypekantar.

Samarbeid

Forslag til kva tiltak som skal få pengar, er gjort i samarbeid med fagfolk innan trafikksikring i Statens vegvesen. Det er lagt vekt på å fremme fagleg gode trafikksikringstiltak som er kostnadseffektive og som let seg gjennomføre i år og seinast neste år.

Fylkestinget vedtok i fjor å prioritere pengar til tre konkrete tiltak: Langhøyane i Radøy, Kvednabekkjen bru på Matre i Kvinnherad og Kvamsbrekka i Lindås. Kvamsbrekka får fem millionar, og dei to andre ein million kroner kvar.

Gang- og sykkelveg 

I Kvamsbrekka skal vegen bli betre og det skal byggast gang- og sykkelveg. På Langhøyane skal det bli tryggare kryssing av fylkesvegen for å gje tilgang frå bustadfeltet til gang- og sykkelveg på andre sida av vegen. Kvednabekkjen bru er smal og til hinder for framkome. Den skal utvidast og opprustast. 

Dei resterande 35 millionar kroner er fordelt til 26 tiltak i 18 kommunar.

Sjå oversikt over tildelingane (pdf)