2,7 millionar kroner til tre miljøprosjekt

Hordaland fylkeskommune har gitt 2,7 millionar kroner til tre miljøprojekt i regi av den martime klynga NCE Maritime CleanTech.

Pengane er støtte til tre nye næringsutviklingsprosjekt som skal gjere skipsfarten meir miljøvenleg. 920 000 kroner går til eit prosjekt som skal redusere utsleppa frå langdistanseskip. Prosjektet har namnet “Deep sea mot lågkarbon”. Eit utval reiarlag og sentrale aktørar i verdikjeda innan langtransport er med. Dei skal kartlegge status for teknologien i dag, kor stort gap det er i teknologien i høve det som er ønskeleg, og korleis denne delen av skipsfarten skal kunne utvikle seg til å møte strengare krav til utslepp.

Meir miljøvenleg drivstoff

Det andre prosjektet som har fått 825 000 kroner, går på overgang frå diesel og tungolje til meir miljøvenlege drivstoff. Nye energikjelder er på veg inn i skipstransporten. For å redusere karbon- og miljøfotavtrykk skal NCE Maritime CleanTech gjere ein heilskapleg analyse av produksjon, bruk og pris av dei ulike fornybare energikjeldene. Dette skal danne grunnlag for korleis offentlege innkjøp skal foregå, og hjelpe til med etablering av nye verdikjeder som til døme hydrogen.

Bygge om ledige offshoreskip

Det tredje prosjektet får 920 000 kroner og går på miljøvenleg energi til cruiseskip. Planen er å bygge om ledige offshorefartøy til kraftforsyningsskip for cruiseskipa som skal til norske hamnar utan landstraum. Dei ombygde offshoreskipa skal gje elektrisk straum til cruiseskipa langs norskekysten. I tillegg til hamner utan landstraum, kan cruiseskip få elektrisk energi i fjordar med krav om nullutslepp. I dag ligg kvart tredje offsshoreskip i verda i opplag. 100 av desse er langs vestlandskysten. Cruisetrafikken er i sterk vekst og møter strengare miljøkrav. Frå 2026 vil det kome krav om nullutslepp i verdsarvfjordane.

Nullutsklepp i norske fjordar

NCE Maritime CleanTech har tidlegare utvikla eit grønt cruisekonsept som viser at det kan vera mogleg å oppfylla vedtaket om nullutslepp i norske fjordar i 2026, nettopp ved å bygge om eksisterande offshorefartøy til nye kraftforsyningsskip til cruiseskipa. Den maritme klynga  skal utvikla ein forretningsmodell for dette konseptet basert på marknadsanalysar.

– Vi er svært glade for at Hordaland fylkeskommune ønskjer å støtte desse tre viktige innovasjonssatsingane, som alle vil bidra til å løyse viktige utfordringar som industrien står overfor, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.