2,7 mill kr til verna fartøy i Hordaland

Utval for kultur, idrett og regional utvikling har løyvt 2,7 millionar kroner til diverse tiltak for verna fartøy i Hordaland. Pengane går dels til sikring og istandsetjing og dels til forvalting og drift.

Mest pengar går til «DS Stord I» med totalt 465 000 kroner. 290 000 skal brukast til restaurering og 175 000 til drift denne sesongen. «DS Oster» får 175 000 kroner, der 125 000 er til drift og 50 000 til restaurering. «MS Sunnhordland» får ikkje pengar til restaurering i år, men 175 000 kroner til drift.

Restaurering og drift

I alt får 21 fartøy pengar til restaurering, og 10 fartøy pengar til drift. Totalt kom det søknader om restaurering av 25 fartøy for ein samla sum på 8,5 millionar kroner. Til drift kom det 11 søknader på 1,9 millionar kroner. 10 fartøy får støtte

SunnhordlandN1000B46414.jpg

«MS Sunnhordland» var flaggskipet til HSD på 1950- og 60-talet og får 175 000 kroner til drift i 2019. 

Gamle og sjeldsynte fartøy 

Mange av dei eldste og eller mest sjeldsynte fartøya er i år prioritert for restaurering. Dette gjeld «MS Axel», «MB Amy», «MF Bjørn-West», «MY Fyk», «SJ Mathilde» og «DS Stord I».

Hordaland fylkeskommune ser på fartøy som ein viktig del av den norske kulturarven. Hordaland er fylket i landet med flest freda og verneverdige fartøy. Frivillge, lag og organisasjonar har teke stort fagleg og økonomisk ansvar for fartøya. Tilskota frå fylkeskommunen skal støtte opp om dette arbeidet.

Desse 21 fartøya får støtte til restaurering (pdf)

Desse 10 fartøya får støtte til drift (pdf)