19 000 elevar søkjer vidaregåande skule i Hordaland

Teknikk og industriell produksjon (TIP) er vinnarfaget, og Årstad videregående og Bergen maritime er vinnarskulane i år. Nesten 19 000 elevar søkjer plass i den vidaregåande skulen i Hordaland.

Det totale søkjartalet er 18 917 elevar. Av dette har 17 105 elevar lovfesta rett til plass, såkalla ungdomsrett. 

Vinnarfaget er TIP som har ein auke på heile 163 søkjarar frå i fjor. Søkjartalet går opp frå 658 til 821. Årsaka er at dei maritime og tekniske faga er i vinden igjen. Dette fører mellom anna til at Bergen Maritime videregående skole aukar søkinga med 60 elevar, frå 395 til 455.

Vinnarskular

Årstad videregående skole har vore ein vinnarskule over fleire år. No aukar søkinga med 61 elevar frå 940 til 1001. Andre skular som aukar er Laksevåg vgs med 26 elevar, Bergen Katedralskole med 52 elevar, Arna vgs med 19 elevar, Voss gymnas med 19 elevar og Fusa vgs med 19 elevar.

Austevoll vgs har ei auke på 26 elevar. For ein skule med runde 140 elevar er dette ei auke på nesten 20 prosent. 

Størst søking er det til Amalie Skram videregående skole med 1391 søkjarar. Dette er ein nedgang på 227. Det kjem av at elevane har tilpassa seg det høge karaktergjennomsnittet for å kome inn.

Auke på studiespesialisering

På studiespesialisering er det auke på 74 søkjarar frå 2554 til 2628. Restaurant- og matfag har ein liten auke på 13, frå 136 til 149. Det nest største faget, etter studiespesialisering er helse og oppvekst med 1017 søkjarar. Det er ein nedgang på 90 frå året før. 

I Bergensregionen kan søkjartala endre seg mellom skular og bydelar, men likevel er det totale søkjartalet for regionen relativt stabilt. Utanfor Bergen er det i mindre grad konkurranse mellom skulane, og dei er sårbare for svingingar i storleiken på årskulla.

Stabil fordeling 

Fordelinga mellom studieførebuande program og yrkesfaglege program er stabil frå år til år. Det er endringar innanfor dei ulike utdanningsprogramma, men totaltala viser svært lite endring mellom dei to «blokkene» i vidaregåande opplæring. 

Søkjartal til vg1 (pdf) 

Søkjartal til vg2 (pdf) 

Søkjartal til vg3 (pdf) 

Søkjartal til dei einskilde skulane (pdf)