17 parti stiller lister til fylkestingsvalet i Vestland

Ved utløpet av fristen kl. 12.00 1. april hadde 17 parti stilt liste til det første fylkestingsvalet for Vestland fylkeskommune. Fire parti er nye, mens to er ute i høve dei noverande fylkestinga.

Hordaland og Sogn og Fjordane fylke er ved det komande valet slegne saman til éin valkrins og blir frå 1. januar 2020 Vestland fylkeskommune. Hordaland har i dag 15 parti i fylkestinget, mens Sogn og Fjordane har 11. To parti stiller ikkje liste denne gongen. Det er Kystpartiet som stilte liste i begge fylke sist, og Feministisk Initiativ, som stilte liste i Hordaland.

Fire parti, som ikkje stilte liste ved førre fylkestingsval i Hordaland og Sogn og Fjordane, stiller liste til Vestland fylkesting. Det er Helsepartiet, Norges Kommunistiske Parti, Folkeaksjonen Nei til mer bompenger, og Liberalistene.

Desse 17 partia stiller til val

Kristeleg Folkeparti
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Rødt
Piratpartiet
Pensjonistpartiet
Arbeidarpartiet
Fremskrittspartiet
Miljøpartiet De Grønne
Partiet De Kristne
Høgre
Venstre
Helsepartiet
Norges Kommunistiske Parti
Folkeaksjonen Nei til mer bompenger
Demokratene
Liberalistene

Desse stiller til val på dei 17 listene til fylkestingsvalet (pdf)

65 representantar

I det nye Vestland fylkesting skal det veljast 65 representantar. I dag har Hordaland 57 og Sogn og Fjordane 31 representantar. Det inneber at det nye fylket får 23 representantar færre enn dei to fylka har til saman i dag.

Dei 17 innkomne listene skal godkjennast av fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylkeskommune. Det skjer torsdag 23. mai.

Fylkestingsvalet og kommunestyrevalet er måndag 9. september. Enkelte kommunar kan og ha vallokala opne søndag 8. september.