146 millionar kroner fordelt til idrettsanlegg i Hordaland

Årets utdeling er den største fordelinga til anlegg for idrett og fysisk aktivitet nokon gong. Slåtthaug idrettspark, Tjønnen idrettsplass Frøya og Hjeltefjorden Arena er blant idrettsanlegga som no får midlar.

- Kvart år er det knytt stor spenning rundt kva som er storleiken på overskotet til Norsk Tipping. I år vart det ny rekord og det treng vi for å få god anleggdekning til innbyggjarane våre, seier Tor Andre Ljosland, ny leiar i utval for kultur, idrett og regional utvikling.

Ved hovudfordelinga av spelemidlar for 2019 vart Hordaland tildelt 142 millionar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Dette er om lag 10 millionar kroner meir enn i 2018. Midlane kjem frå Norsk Tipping sitt overskot og blir fordelt til fylka frå kulturdepartementet på bakgrunn av fastlagte kriteria. Ved å legge til renter og inndregne midlar blir det totalt 146 millionar til fordeling i år.

Godkjende søknadar for nesten 640 millionar kroner

Fordeling av spelemidlane frå Norsk Tipping var oppe i Utval for kultur, idrett og regional utvikling tysdag 18.juni. Der vart det bestemt at det er 117 anlegg i fylket som får tildelt pengar gjennom denne ordninga. Pengane går frå alt til store idrettshallar til mindre nærmiljøprosjekt. 63 ordinære anlegg og 54 nærmiljøanlegg får nyte godt av desse midlane.

Blant dei store idrettsanlegga som fekk mest midlar er Fana IL som får 18,6 millionar kroner til Fana arena i Slåtthaug idrettspark. Idrettslaget Tjønnen Allianse får 10,3 millionar kroner til basketballhall ved Tjønnen idrettsplass Frøya, mens Øygarden kommune får 10,8 millionar kroner til Hjeltefjorden Arena fleirbrukshall.

- I fjor hadde vi ein godkjend søknadssum på i overkant av 500 millionar, i år er denne summen på nesten 640 millionar. Dette er ei enorm auke som i hovudsak skuldast nye større anleggsprosjekt som kom inn denne søknadsrunden, seier Ljosland.

Godt samarbeid

Han legg til at kommunane og organisasjonane i Hordaland skal ha mykje av æra for den positive utviklinga. Mykje godt arbeid blir utført rundt omkring i kommunane for å få fram dei gode anleggsprosjekta. For fylkeskommunen handlar det om å bidra med rettleiing og kompetanse inn mot kommunane.

- Dette er noko vi i Hordaland fylkeskommune har jobba målretta med i år, og som vi kjem til å jobbe vidare med i åra framover. Kvaliteten på søknadane vi får inn blir betre for kvart år. Det viser at kompetansen aukar hos dei som søkjer, og at vi må vere tett på der det skjer. Frå nyttår går vi over i ei ny fase - når Hordaland og Sogn og Fjordane blir til Vestland fylkeskommune. Vi blir større, men vi skal likevel halde den tette kontakta ut mot kommunane , seier Ljosland

Sjå meir informasjon om spelemidlar til anlegg og fysisk aktivitet.