14 får kunstnarstipend i Hordaland

14 kunstnarar i Hordaland får utviklingsstipend på 40 000 kroner kvar. Totalt har utval for kultur, idrett og regional utvikling delt ut 560 000 kroner.

Kunstnarstipenda i Hordaland er populære. Heile 159 søknader kom inn. Utvalet har teke dette til følgje og auka både stipenda frå 30 000 til 40 000 kroner og tal stipend frå 12 til 14.

Stipenda skal gje kunstnarar høve til ein periode med fordjupning og fagleg påfyll. Stipenda skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa.

Kunstnarstipenda fordelar seg med seks innan visuell kunst, tre innan musikk, eitt innan litteratur, to innan film, eitt innan scenekunst/musikk og eitt innan scenekunst.

Desse får stipend på 40 000 kroner kvar:

  • Cato Løland – visuell kunst
  • Hilde A. Danielsen – visuell kunst
  • Katrin Berge – visuell kunst
  • Kay Arne Kirkebø – visuell kunst
  • Tom Kosmo – visuell kunst
  • Vilde Salhus Røed - visuell kunst
  • Birgitta Alida Hole - musikk
  • Else Storesund - musikk
  • Kim Christer Hylland - musikk
  • Bjørn Sortland – litteratur
  • Ina Terese Lerner Grevstad – film
  • Simone Hooymans – film div
  • Bodil Lunde Rørtveit – scenekunst / musikk
  • Silje Sandodden Kise – scenekunst

Vurdert av fagkomitear 

Utvalet har vedteke å opprette ein omfattande struktur av fagkomitear som har innstilt kandidatane til stipenda. Fagkomiteane har vurdert og innstilt søkjarar på grunnlag av ei skjønsmessig vurdering av kunstnarleg aktivitet og kvalitet. Fylkesrådmannen har ut i frå ei heilskapleg vurdering gjort ei samla innstilling til politisk handsaming. Fylkesrådmannen si vurdering legg stor vekt på fagkomiteane sine innstillingar, og er i hovudsak i samsvar med desse.

Ujamn fordeling

Det er noko ujamt korleis dei 159 søkjarane fordeler seg i forhold til dei ulike kunstartane. I år fordelte søknadene seg slik :

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design) 61 søknader
  • Musikk 31 søknader
  • Litteratur og Film 37 søknader
  • Scenekunst (inkl. dans) 18 søknader
  • Andre kunstartar/tverrkunstnarleg 12 søknader (vurdert i inntil to relevante fagkomitear)