13 millionar kroner til omstilling og nyskaping

Bruk av offshorefartøy til forsyning av rein energi til cruiseskip. Effektivisering av vedlikehald og modifikasjon av brønnkontrollutstyr. Satsing på vekst og omstilling innan digitalisering og sirkulærøkonomi. Dette var berre nokre av dei 13 prosjekta som i år fekk omstillingsmidlar.

Heilt sidan oljeprisfallet i 2014 har Hordaland fylkeskommune løyvd midlar til omstilling og nyskaping i industrien i Hordaland.

–Sjølv om arbeidsløysa går ned og det no går betre for næringslivet på Vestlandet, er det viktig å vidareføre arbeidet med tiltak som styrkar den langsiktige omstillingsevna til industrien, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Ho er leiar i omstillingsutvalet, som er sett saman av representantar frå arbeidstakarsida, næringslivet, Innovasjon Norge, NAV, KS og fylkeskommunen.

Ny bruk av offshorefartøy

Ei av bedriftene som no får midlar er Maritime CleanTech på Stord. Dei satsar på ny bruk av offshorefartøy til forsyning av rein energi til cruiseskip. I dag ligg kvart tredje offshorefartøy i opplag. Samtidig er cruiseindustrien i sterk vekst, men møter strengare miljøkrav i hamner og i ulike sensitive område. Frå 2026 kjem nye krav om nullutslepp for å gå inn i norske verdsarvfjordar. I dette prosjektet er det løyvd 490 000 kroner til å utvikla ein forretningsmodell for å tilby rein energi til bruk i skip som skal til hamner utan landstraum, og til fjordar med krav om nullutslepp.

– Vi set stor pris på støtte til viktig grøn omstilling. Det styrker satsinga hos våre deltakarbedrifter på å få fram norske løysingar for ei grønare cruisenæring. Dette kan gi nye grøne forretningsområde for offshore-leverandørar og -reiarar, og slik bidra til å sikre arbeidsplassar og kompetanseutvikling i maritim næring, seier daglig leder Hege Økland i NCE Maritime CleanTech. Han legg til at prosjektet samtidig vil sikre meir berekraftig cruiseturisme i fjordane på Vestlandet. I tillegg vil det ha synergieffektar i andre skipssegment. Behovet for rein energi til eksisterande skipsflåte er stor verda over. Prosjektet kan bidra til nye løysingar og meir eksport av vestnorsk maritim miljøteknologi.

Digitalisering og sirkulærøkonomi

Eit anna prosjekt som no får støtte er Innovasjon Norge Vestland si satsing på vekst og omstilling knytt til digitalisering, sirkulærøkonomi og utvikling av ny forretningsmodellar. Dette er eit godt tilrettelagt fellesprosjekt for inntil 30 verksemder som ønskjer auka kompetanse på desse områda bistand til interne strategiprosessar. Løyvinga er på 2 370 000 kroner. Innovasjon Norge sin eigeninnsats, som kjem i tillegg, er estimert til 730 000 kroner. Bedriftene sin eigeninnsats er estimert til 2,9 mill. kroner.

Konkurransefortrinn og ringverknader

Omstillingssatsinga kan òg gi støtte til enkeltverksemder der tiltaket kan ha stor ringverknad for andre bedrifter i regionen. Ei av verksemdene som fått slik støtte er PSW Technology AS. Dei skal utvikle og sette ned eit "subsea wellhead system" i Fensfjorden. Dette er ei løysing for effektivisering av vedlikehald og modifikasjon av brønnkontrollutstyr frå borerigger. Systemet er unikt i norsk samanheng, og dersom satsinga lukkast, vil det gje regionen eit konkurransefortrinn i kampen om serviceoppdrag på boreriggar. Dette er ofte store oppdrag på 100 - 500 millionar kroner – som har ringverknadseffekt både for industrien rundt Fensfjorden og i resten av fylket.

Koordinert og effektiv forvalting

Støtteordninga for omstilling og nyskaping i industrien i Hordaland 2019 blei lyst ut i vår og fekk inn til saman 22 søknadar. Desse søkte om totalt 27 millionar kroner. Tilgjengelig ramme var 13,2 mill. kroner. 13 søkarar fekk innvilga støtte.

– Det er viktig med samordna innsats blant verkemiddelaktørane. Vi treng ei mest mogeleg koordinert og effektiv forvalting av dei offentlege ressursane retta mot næringsutvikling, arbeidsmarknad og kompetanseheving i Hordaland. Her har fylkeskommunen ei sentral rolle. Men det er òg viktig med god forankring av verkemiddelbruken Innovasjon Norge Hordaland, NAV Hordaland og partane i arbeidslivet, seier Hestetun.

Ho legg til at ho er glad for at dei ulike utviklingsaktørane i fylket er opptatt av utfordringane knytt til nyskaping og omstilling i industrien.

Dette er omstillingsutvalet

Omstillingsutvalet sitt mandat er å utarbeide ein strategi med prioriterte innsatsområde, basert på innspel frå næringsliv, arbeidstakarorganisasjonar, verkemiddelapparat og politisk miljø. Strategien er grunnlag for arbeid og virkemiddelbruk som skal leggje til rette for den strukturelle omstillinga av industrien i Hordaland. Dette gjeld særskilt i regionar med særlege omstillingsbehov.