– Vi må starte det «grøne skiftet» no

– Verda er i endring. Vi må starte det «grøne skiftet» no, og vi skal gjere det saman, sa fylkesvaraordførar i Vestland, Natalia Golis, på plankonferansen for Hordaland.

Den siste plankonferansen for Hordaland vart skipa til i Terminus Hall i Bergen 23. og 24. oktober. Neste gong blir det Vestland fylke.  Berekraftmåla til FN var tema, og korleis vi skal omstille oss etter dei.

Natalia Golis gjekk rett inn i problemstillinga då ho talte til dei mange frammøtte.

– Utfordringa vår er å løyse miljø-, klima- og naturkrisa. Dette er kanskje vår mest alvorlege og overgripande oppgåve. Det er vår felles globale utfordring. Berekraftmåla til FN skal vere vår felles globale arbeidsplan fram mot 2030. Vi skal utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og bremse klimaendringane, sa Golis.

PlanB4594N1000.jpg

– Vi har vore for trege med omstilling, sa Erik Vieth Pedersen, avdelingsdirektør i kommunal- og moderniseringsdepartementet (f.v.). – Berekraft er ein premiss i planarbeidet, sa Gunnar Hæreid, assisterande fylkesmann. – Vestland fylkeskommune skal vere den største pådrivar for «det grøne skiftet», sa fylkesvaraordførar Natalia Golis. 

Global dugnad 

Verda er i endring, påpeika Golis.

– Vi merkar endringane alle saman. Det regnar meir, hava blir surare, kysten blir ureina og matjorda regenerer seg ikkje like fort som før. Men samstundes ser vi at eit menneske kan endre historia, ein bevegelse, ein kommune, ein vestlandsregion, som vil noko, og eit lite land. Vi vil alle vere med på den globale dugnaden. Vi skal ikkje berre feie for eigen dør, men og luke i vårt eige bed. Vi må ha ein felles visjon og mål for korleis vi skal klare å få til ei berekraftig framtid for alle som kjem etter oss, sa Golis. 

Må samarbeide

Den nye fylkesvaraordføraren i Vestland meiner vi må samarbeide for å lukkast.

– Alle kan bidra. Vi må jobbe lokalt og samarbeide om å nå måla. Vestland har bestemt å bli eit nullutsleppsfylke innan 2030. Det er tøft og ambisiøst. Vi må stå til ansvar for dette politisk, kvart einaste år. Har vi greidd målet eller har vi ikkje? 

Golis stilte vidare spørmål om kvifor vi må greie å nå klimamålet

– Jo, fordi det blir krevd av oss. Vi kan ikkje vente. Vi har ikkje anna val. Skal vi vere med, må vi vere modige og ta ansvar. Fleire og fleire kommunar i fylket satsar høgt. Kommunane skal legge til rette i planarbeidet. Kommunane skal inspirere, involvere og føle eigarskap. Vi politikarar har like mange spørsmål som dykk. Kva er utfordringane og korleis skal vi mobilisere? spurde Golis.

PlanB4605N1000.jpg

– Plan-  og bygningslova skal fremje berekraftig utvikling til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar, sa Gunnar Hæreid, assisterande fylkesmann.

Har ikkje anna val 

Fylkesvaraordføraren meinte omstillinga vil bli krevjande å gjennomføre.

– Ja, det blir krevjande av oss, men vi kan ikkje vente. Vi har ikkje anna val enn å gjere denne omstillinga, men vi klarer det ikkje åleine, ikkje utan alle de, ikkje utan kommunane, ikkje utan næringslivet. Fleire kommunar vil vere med. Det vi skal etterlate oss, må vere i betre stand enn det vi har, sa Golis. 

Diskuterer framleis det «grøne skiftet» 

Utrykket det «grøne skiftet» vart første gongen brukt i 2012.

– No, sju år seinare diskuterer vi framleis om det «grøne skiftet» eigentleg finst. Treng vi det? Kva er det, og korleis skal vi gjere det? Eg håpar no at det er på tide at vi gjer noko. Frå og med i dag skal vi seie at det gjer vi. Verda er i endring. Vi skal starte her saman i dag. Vi skal seie at det var vi som starta dette, og vi skal gjere det saman. Eg kan love ein ting: Vestland fylkeskommune skal vere den største pådrivar for «det grøne skiftet», sa fylkesvaraordførar Natalia Golis.

PlanB4598N1000.jpg

Over 200 deltakarar møtte fram på den siste plankonferansen for Hordaland fylke.

Berekraft sett på dagsorden 

Gunnar Hæreid er assisterande fylkesmann hos Fylkesmannen i Vestland.

– Kva er vegen mot eit berekraftig Vestland og maktar vi å ta det ned i det praktiske i regionale og kommunale planar? Det skal denne plankonferansen hjelpe oss med. Plan-  og bygningslova skal fremje berekraftig utvikling til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar. Berekraft er sett på dagsorden og er ein premiss i planarbeidet, sa Hæreid. 

Auka fare for risiko

Erik Vieth Pedersen er avdelingsdirektør i kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Det blir varmare og meir regn, og dette blir det meir av. Vi har fått auka fare for risiko og har framleis behov for kunnskap om klimaendringane. Kva skjer i kommunane om vi ikkje tek risikoen på alvor. Vi har vore for trege med omstilling. Planlegging er verktøyet for berekraftig utvikling. Vi er tydelege på berekraftmål: Vi skal ha berekraftige regionar og lokalsamfunn i heile landet, sa Erik Vieth Pedersen. 

Godt samarbeid

Den årlege plankonferansen er eit godt samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland. Den samla over 200 deltakarar frå offentleg forvalting i stat, fylke og kommunar, utdannings- og forskingsmiljø og relevante nærings- og fagmiljø.