– Vestland må bli større enn Oslo

– Vestland blir på storleik med Oslo. Ambisjonen må vere å bli større enn Oslo, sa kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i talen til det nye Vestland fylkesting i Håkonshallen 15. oktober.

Statsråden gratulerte det nye fylkestinget.

– Dette er ein historisk og høgtideleg dag. Vi har valt å ha tre forvaltingsnivå, og vi skal bidra til å gjere fylkeskommunen best mogeleg rusta til å møte utfordringane framover. Fylka skal få meir ansvar for utviklinga i eigen region. Vi vil gjere samfunnsutviklarrolla sterkare. Der går Vestland foran.  Vestland må bli ein god kulturbyggar, finne gode måtar å jobbe på for å skape best mogeleg tenester til innbyggarane. Eg skal heie på Vestland og følgje svært godt med, sa Monica Mæland i helsingtalen.

HakonB3913N1000.jpg

Bernt Bauge, adm. direktør i Bergen Filharmoniske Orkester og rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen blir ønskte velkomne av Jenny Følling og Anne Gine Hestetun.

Mange inviterte gjester 

Det nyvalde Vestland fylkesting, pluss dei to noverande fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane, pluss mange inviterte gjester, møttest i Håkonshallen for å feire den nye fylkeskommunen.

Dei to fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling ønskte velkommen. I samanslåingsprosessen har dei vore leiar og nestleiar i fellesnemnda for samanslåinga.

– I førre politiske plattform sa vi at vi ville utvikle regionen. No står vi her. Takk til alle som har vore med. Til dei som vil ha omkamp, seier eg, den tida er forbi. Fellesnemnarane i det nye fylket er fleire enn ulikskapane. Vi har eit fylke det er godt å bu i og godt å jobbe i. Visjonen min er hardt arbeid kvar einaste dag. Eg har ein draum om at Rogaland og kanskje til og med sunnmøringane vil bli med. Eit sterkt Vestland er ein føresetnad for eit sterkt Noreg, sa Anne Gine Hestetun.

HakonB3945N1000.jpg

Damer i bunad: Fylkesordførar Jenny Følling, fylkesvaraordførar Natalia Golis (Vestland) og fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Historisk

– Dette er ein historisk dag og ein historisk kveld i historiske omgjevnader. Vi står ved eit vegskilje. Det har vore delte meiningar om samanslåinga, men no skal vi stå saman og bygge Vestland i fellesskap. Alle skal føle dei blir med, blir sett og blir del av det nye fylket. Vi må vere rause, sa Jenny Følling.

HakonB4071N1000.jpg

Tre fylkesordførarar og tre fylkesordførarkjeder: Anne Gine Hestetun, Jon Askeland og Jenny Følling.

Nytt fylkesordførarkjede 

Det nye fylkesordførarkjedet til den nye fylkesordføraren vart høgtideleg overrekt i Håkonshallen.

– Eg vil takke Anne Gine Hestetun og Jenny Følling for jobben med samanslåing. No ønskjer eg velkommen til samarbeid til beste for innbyggarane i Vestland. Vi må skilje sak og person, vise respekt, vere rause og gå laus på oppgåvene med godt humør, sa den nye fylkesordførar Jon Askeland. Han peika på at Vestland blir det tredje største fylket i landet med 630 000 innbyggarar, noko som er tre gonger meir i Noreg då Håkon den gode bygde Håkonshallen.

HakonB4026N1000.jpg

Barn frå Nøringen i Hardanger og Voss underheldt med song og dans.

Vil ha fleire oppgåver og meir pengar

– Det vi alle er for i det nye fylket, er ønskje om fleire oppgåver og meir pengar for å lukkast. Men mykje samarbeid og jobbing står att. No er vi her. Vi er laget som skal bygge, utvikle og leie Vestland saman. Vestlandet ligg her, vestlendingane bur her og verkar som før. Det er Vestland fylke som er i endring. Mykje er av det same og noko er grunnleggande nytt. Spørsmålet er korleis skal vi lukkast, slik at by og land spelar på lag? spurde Askeland.

HakonB3889N1000.jpg

Politimeister Kaare Songstad var gjest i Håkonshallen.

Mest spennande av alle fylke 

Den nye fylkesordføraren hadde svaret klart.

– Resepten har eg har brukt før: Samhald, handlekraft og patriotisme. Vestland er det mest spennande av alle fylka. For med vår eigenart har vi unikt høve til å få nye oppgåver, desentralisere makt, vere motmakt og skape nytt. Vestland må lukkast for at regionreforma skal lukkast, sa fylkesordførar Jon Askeland.

HakonB4000N1000.jpg

Over 200 gjester deltok i feiringa i Håkonshallen.

Berre lokal mat

Til middagen vart det servert mat utelukkande frå ulike stader i Vestland, mellom anna laks frå Hardanger, eplejuice frå Sogn, villhjort frå Radøy og Fusa, geitost frå Undredal, einebær frå fjellet, potetar frå Voss og små skillingsboller frå Bergen.

Gjestene vart lokka inn i Håkonshallen av Rolf K. Seldal på slåttetromme. Nøringen, barn frå Voss og Hardanger, stod for første del av underhaldninga med tradisjonell song og dans. Seinare kom Fargespill frå Bergen og Fargespel frå Nordfjord med song og dans.

HakonB4234N1000.jpg

Fargespill underheldt med song.

Å Vestland, Vestland 

Festmarkeringa vart avslutta med «Å Vestland, Vestland» før Rolf K. Seldal, på slåttetromme, markerte at festen var over.

HakonB4277N1000.jpg

Ungdommane i Fargespill kan danse.

HakonB0701N1000.jpg

Det nye Vestland fylkesting er samansett av 65 representantar.